Aktuelt

Wildenveys poesipris til Opstad

Steinar Opstad (f. 1971) er ein av dei få som vann Tarjei Vesaas Debutantpris med lyrikk. Han fekk den i 1996 for Tavler og  bud. Det…

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/9/9f/Steinar_Opstad.jpg

Steinar Opstad (f. 1971) er ein av dei få som vann Tarjei Vesaas Debutantpris med lyrikk. Han fekk den i 1996 for Tavler og  bud. Det litterære råd visste tydelegvis kva dei gjorde. Sidan då har Opstad vore ein av dei aller framste poetane våre. Ikkje berre for sin generasjon, men på kross av dei. Med essaysamlinga Himmelretninger viste han korleis hans eigen smak og lesnad ikkje har med generasjonar eller tid å gjere. Snarare om stad, kanskje, då hans "skule" inkluderer nordiske lyrikarar som Gunvor Hofmo, Göran Sonnevi, Ellen Einan og fleire. 

Denne essaysamlinga er berre eitt av fleire døme på at Opstad formidlar andre sine forfattarskap. Cecilie Løveid er ein av dei norske poetane som Opstad har bidratt til å spre dei gode orda om – og av.

Wildenveys poesipris har tidlegare gått til poetar som Torild Wardenær og Kolbein Falkeid.