Aktuelt

Vesaasvinnaren: – Skrivinga er drive av noko innanfrå

  – Det er viktig for meg at romanen skal vere meir enn psykologi. Det skal vere tekst, seier Peter Franziskus Strassegger når vi snakkar…

Peter Franziskus Strassegger (t.v.) blir gratulert av Stein Versto (t.h.) © Mette Karlsvik

 

– Det er viktig for meg at romanen skal vere meir enn psykologi. Det skal vere tekst, seier Peter Franziskus Strassegger når vi snakkar med han etter han får vite om prisinnstillinga.

– Litteraturen har plass til meir overordna ting: Kor kjem folk frå, dei store eksistensielle spørsmåla. Då har ein gått forbi psykologivitskapen – som er meir basert på empiri, seier han. Kan han gi dømer – frå boka si? 

Omsynssvikt er eit slikt døme. Det kan få eit anna omgrep – som ondskap. Far min sa Dette er ein form for ondskap då han las boka. Ein psykologkollega av meg sa eg synes at du har skrive om omsynssvikt. 

Er far din filosof?

– Nei, han er ikkje utdanna filosof, men er filosofisk anlagt. Han er lærar!

Strassegger var fødd i Graz i 1984, og kom til Bryne, Rogaland, då han var 11. Han har studert psykologi i Bergen, sosiologi og samfunnsvitskap i Berlin, og lingivistikk i Oslo. No er han ferdig med grunnutdanninga i psykologi, og jobbar på vaksenhabiliteringa til A-hus i Lørenskog. Han bur med kjærasten sin, ein lærarstudent, på Sagene, og tar kvar morgon 20-bussen til Galgeberg, T-banen til Helsfyr, og ein såkalla "kjappbuss" frå T-banen til sjukehuset. Han trivs godt både på Sagene – og med å jobbe som psykolog, og skal no spesialisere seg. Det første året av spesialiseringa er felles og ikkje spesifikt. Akkurat kva han spesialiserer seg i vidare veit han ikkje enno. 

– Kan du komme til å skrive på fulltid? 

– Eg har alltid skriv ved sida av studia. Eg har tatt psykologutdanninga fordi det er noko som eg har lyst til å jobbe med vidare. Eg trur ikkje at det blir aktuelt for meg å slutte med psykologien. 

– Kva liker du med psykologarbeidet? 

– Det er det å komme tett på folk. Det å jobbe med folk på mange ulike måtar. Eg liker teoriane, og synest at dette er eit variert yrke. Eg er interessert i alt frå psykoloanalyse til hjerneforskning. Vi jobbar også med problemstillingar der folk treng hjelp – på ganske konkret plan. 

– Hender det at du ønsker at offentlegheita er meir som psykologrommet, altså – ope for dei meir nære og ærlege samtalane?

– I mange samanhengar er det det. Når ein snakkar med nære venner og andre som ein er i tett relasjon med. 

– Då har du gode venner, då? 

– Ja, kanskje eg er heldig slik!

– Kor kjem menneskekjenskapen din til uttrykk i tekst? 

– Det er eit stort spørsmål, seier Strassegger, og tar seg ei lita pause. 

– Ein tekst kan ha eit psykologisk perspektiv på det som skjer. Men det å lese ein tekst på andre måter gå òg an. Det same gjeld skrivinga: Eg kan lage ein psykologisk struktur i karakterbygginga. Men eg kan òg velje å ikkje gjere det. 

– Kva har du valgt og valgt bort i romanen Stasia

– Eg har kanskje psykologens perspektiv på kva som skjer mellom karakterene. Men eg har òg sett inn nokre brister for at folk skal måtte tolke akkurat kva som skjer med karakterene med andre modellar. 

– Har du brote ed desse modellane medvite – for å utfordre lesraren?

– Ja, på ein måte. Då eg begynte å skrive, visste eg tidleg kva som skulle skje med Stasia og dei andre. Men undervegs endra eg veg. Eg tok vekk dei meir openberre utveklingane. Det opna teksten. Det blei større plass for tolkning. Teksten blei meir interessant. Eg har fått fleire tilbakemeldingar på Stasia at folk har lest med ulike blikk. Psykologar kan ha lese med psykologens blikk. Anne Fløtaker, forlagssjef for skjønnlitteratur på Cappelen Damm, vektla det europeiske samtidsperspektivet då ho presenterte boka på høstlista.

– Du er sjølv frå Freuds heimland Austerrike. Er Freud mykje til stades?

– Eg skal ikkje tolke romanen i følgje psykoanalysen, men eg kan lese han frå eit psykoanalytisk perspektiv: Denne guten, Armin, manglar grunnleggende tryggleik i livet. Lesaren blir kjent med han mykje gjennom fantasiane hans – og drømmar. Det handlar mykje om eit menneske som går i oppløysing. Det handlar om nære relasjonar, om forholdet til foreldre og søsken. 

– Kunne du bryte med den psykologiske modellen – fordi du kan han så godt?

– Eg er nyutdanna, og ikkje ekspert på psykoanalytisk teori. Dessuten blander eg ikkje kliniske erfaringer med det eg skriv, dette er et veldig viktig skille, teksten handler ikkje om pasientar eller diagnosar. Eg vil at teksten skal kunne bli lese på fleire måtar. Psykoanalytisk tankegods er noko, men eg vil at det skal vere meir ope.

– Kan du si noe om korleis du har jobba med tema "omsynssvikt"?

– Eg har tatt utgangspunkt i eit barneperspektiv: Ein stemme som eg tykte hadde noko skjørt: Ein som var på veg til å bli skadd. Og så har eg sjølv lese romanar av Herta Müller og andre som handlar om barn, der det er eit barns stemme som kjem fram, og eit traume som ligg til botn. Det er stemma det begynner med. Derfrå har eg ønskt å bygge relasjonar mellom barn og foreldre. Omsynssvikta ligg hos foreldra. I Stasia tar dei barn med heimefrå og flakkar rundt. Det er kanskje ikkje omsynssvikt som så. Omsynssvikta er ofte knytt til det konkrete som har skjedd. I dette tilfellet er det snakk om noko neglisjert. Dei har ikkje tatt omsyn til barnet. 

Kor mykje av den analytiske evna har du med deg frå Austerrike? 

Psykoanalyse blei eg først kjent med då eg byrja studia i Oslo. 

Og seier du at du skal studere meir. Når får vi fleire bøker frå deg? 

Har ikkje peiling. Men eg prøver å jobbe jamnt og trutt – og i rykk og napp. Eg kunne gjerne ha gitt deg eit tidspunkt. Men eg trur ikkje eg kan gjere det. 

– Med Vesaasprisen er det eit ikkje ubetydeleg pengebeløp. Kan du frikjøpe skrivetid med prispengane?

– Ble overraska over kor mykje pengar det var sjølv. Eg hadde høyrt eit rykte om at det var 10000 kroner. Så eg må jo finne på noko. PCen min er frå 2005, så prispengane kan gå inn der. I forhold til å frikjøpe skrivetid, så er praktiske ting i vegen for at eg ikkje har tid til å skrive meir. 

– Trong du prisen – anarkjenningsmessig. 

– Eg skriv ikkje for ytre grunnar. Eg skriv berre fordi eg må. Det er noko innanfrå.  

 

 

http://youtu.be/pBz7aYwFnEQ