Aktuelt

Verdilaust arbeid?

For samfunnsøkonomen Ricardo, for den liberale økonomen Adam Smith og for Karl Marx, har det menneskelege arbeidet sidan vore det som har gitt eit produkt…

FOTO: METTE KARLSVIK

For samfunnsøkonomen Ricardo, for den liberale økonomen Adam Smith og for Karl Marx, har det menneskelege arbeidet sidan vore det som har gitt eit produkt verdi. Nærmare bestemt er det mengda av menneskeleg arbeid som gir eit produkt sin verdi.  

Viss eg bruker arbeidskrafta mi, skaparkrafta mi, på å bygga eit hus, ein båt, pussa opp ein bil, dyrka ein gard, bygga opp ei bedrift, då er dette produktet av mitt arbeid min fulle private eigedom som eg disponerer suverent, fritt og fullstendig. 

Eg kan gjøra kva eg vil med den. Eg kan selja den til markedspris og ta all forteneste sjølv. 

Det vil seia om eg då ikkje har lånt pengar for å realisera dette prosjektet, og må betala det eg skuldar til banken. 

Eg kan lata barna mine arva eigedomen som er eit produkt av mitt arbeid. Den kan bli verande i vår familie gjennom generasjonar. 

Viss mine etterkommarar vil det slik, kan den vera i slekta vår så lenge det finst eit samfunn med lover og reglar som garanterer den private eigedomsretten. Ingen kan kreva bruksrett eller eigedomsrett til den materielle eigedomen som eg har skapt ved mitt eige arbeid. 

Men kvifor har eg ikkje den same suverene sjølvsagte eigedomsretten til dei bøkene eg har skrive? 

Gjennom fleire års arbeidsinnsats har eg skrive, og fått gitt ut fem bøker. Den sjette er på veg. 

Kvifor er ikkje desse bøkene beskytta av den same suverene private eigedomsretten som dei materielle produkta av arbeidet mitt? 

Kvifor finst det folk i vårt samfunn som meiner at mine bøker skal vera fritt tilgjengelege på digitale plattformar for fri bruk, fri kopiering og kostnadsfri  nedlasting og deling? 

Utan at eg skal få betalt for arbeidet mitt, meiner dei at dei har rett til å bruka min eigedom fritt og utan å gjøra opp for seg. Kor kjem denne absurde ideen i frå at produkta av mitt arbeid skal vera gratis for brukarane av det, ulikt bruken av bakarens, bondens og bilfabrikantens arbeid? 

Korleis kan det ha seg at det blir oppfatta som legitimt å ikkje betala for bruken av ei av mine bøker, å ikkje betala for mitt arbeid? Motsett av korleis det er ein sjølvsagt ting at ein betaler for ein pose nybaka bollar hos bakaren, eller ein full tank med bensin hos bensinstasjonseigaren før ein reiser på hytta på fredag ettermiddag.

Kvifor er det legitimt å argumentera for at produkta av mitt arbeid skal vera gratis, ubetalt og fritt tilgjengeleg, når dei same personane som hevdar dette, slett ikkje ville finna på å nekta å betala for maten og vinen dei handlar inn til helgas hyttetur med familien? 

Gjør ein det siste, heiter det tjuveri og er moralsk mindreverdig. 

Gjør ein det første, og forsyner seg fritt av ebok-versjonen av min siste roman som, sjølvsagt, ligg ute på nettet, er ein likevel ein hederleg person, og i somme miljø, regelrett ein moralsk helt. 

Og for mange andre er det heilt greitt at det blir gjort slike ulovlege nedlastingar og fildelingar av åndsverk. Dei forstår slett ikkje kva eg, vi kunstnarar, masar om.

Då skal eg forklara kva det er vi masar om: 

Vi masar om retten til å få ordentleg betalt for produkta våre. Vi masar om retten til å få skikkeleg betalt for arbeidet vårt. 

Det vi masar om er retten til å eiga produkta av vårt eige arbeid fram til vi har selt dei. Og fått, tilstrekkeleg, betalt for dei. 

Det vi masar om er retten til å kunna forsørga oss sjølve gjennom vårt eige arbeid, slik andre samfunnsborgarar forsørger seg sjølve og familiane sine ved sitt eige arbeid. 

Er det for mye å forlanga?