Aktuelt

Rom for poesi i media

Førre veka publisert vi her saker om NRKs Dikt og forbannet løgn: TV om og med norske diktarar og dikt. Aasne Linnestå og Gunnar Wærness…

Faksimile/ avbilding av framsida til Bokmagasinet august 2014 (Klassekampen)

Førre veka publisert vi her saker om NRKs Dikt og forbannet løgn: TV om og med norske diktarar og dikt. Aasne Linnestå og Gunnar Wærness har fortalt om erfaringa med å skrive dikt på direkten, ut frå fem stikkord frå sjåarane. Ruth Lillegraven var óg på skjermen og las dikt ho har publisert i bokform. 

MK: Kva synest du om korleis programmet blei?

RL: Sidan eg deltok (venta, blei sminka, var på skjermen, reiste heim att etc) fekk eg ikkje med meg anna enn brokker av programmet. Eg har hatt planar om å sjå det i etterkant, men ikkje hatt tid enno, diverre. Eg har merka meg eit par kritiske røyster (på Facebook, ja) – men også nøgde TV-sjåarar som hadde kost seg med det heile.

MK: Korleis var det å vere med i programmet? 

RL: For eigen del tykte eg det var fint. Det er jo sjeldan som poet å få sjansen til å nå ut til såpass mange. Det var dessutan hyggeleg å treffe kjekke kollegaer. Eg er glad me var såpass mange og såpass varierte «levande poetar» som var med. Det hadde vore fint om endå fleire var med, men eg er glad for dei som var der. Fordjuping blir det naturleg nok ikkje rom for i eit konsept av denne typen – det er vonleg noko NRK kan gjere meir av i ein annan samanheng 

MK: Om NRK, på grunn av ressursgrunnar må velje, kva tenkjer de at ein allmennkringkastar helst skal gjere: å lage smale program for fagfolk (poetenes poesiprogram) eller meir tilgjengelege og breie program for fleire?

RL: Ja takk, begge deler? Eg tykkjer det er rom for langt meir poesi i NRK – og i media elles. Klarar ein nå fram til såkalla vanlege lesarar og kanskje få dei interesserte i dikt, eller minne dei på at dei likar dikt, tykkjer eg det berre er veldig fint. Diktafon er eit flott program. Men eg håpar også dei vil prioritere å melde ny lyrikk mm – slik dei har gjort tidlegare. Det er viktig. Diktbøker bør bli meldt på linje med romanar. Slik er det ofte ikkje. Det tyder på ei litt bekymringsverdig utvikling. Mange lyrikarar – eg har vore blant dei heldige – blir aldri intervjua. Og i bokhandelen er det uråd å finne lyrikk, omtrent. Dette er store, strukturelle problem – som marginaliserer lyrikken. Og nei, dette betyr ikkje at ein må stå med lua i handa og elske NRKs sending. Men eg er tilbøyeleg til å setje pris på alle forsøk på å løfte fram lyrikken, sjølv om dei ikkje er perfekte. 

MK: Mykje av arrangementet handla om formidling av poetar generelt – som dykk. Noko handla om å kåre «det beste norske diktet». Kunne, og burde, NRK ha utelett den siste delen – kåringa – og likevel laga eit program som holdt folk sin merksemd gjennom tre timar?

RL: Sjølvsagt er ei sånn kåring på mange måtar berre tull, og heilt umogleg. Personleg klarte eg ikkje opparbeide stor interesse for – eller stor irritasjon over – kåringa. Om det var det som måtte til for å lage ei slik sending, og/eller for å fange folks interesse, så er det greitt for meg. Det som hadde vore heilt håplaust var om ikkje samtidslyrikken blei tatt inn på noko tidspunkt.