Aktuelt

Oppnemning av nytt utval for Statens kunstnarstipend

Kulturdepartementet har oppnemnt Utvalet for statens kunstnarstipend for perioden 2022–2025.
– Med oppnemninga får vi eit særs kompetent utval med god erfaring og inngåande kjennskap til kulturfeltet og kunstnarane sitt arbeid, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Departementet oppnemner Utvalet for statens kunstnarstipend kvart fjerde år. Som tidlegare har departementet følgt innstillinga frå Kunstnernettverket på to kandidatar til Utvalet.

Trude Gomnæs Ugelstad er gjenoppnemnt som leiar for Utvalet. Ho har 20 års erfaring som leiar av kulturinstitusjonar og kunstnarorganisasjonar.

– Eg er nøgd med at Trude Gomnæs Ugelstad har takka ja til vervet som leiar for Utvalet for ein ny periode. Ugelstad har erfaring frå mange år i leiande posisjonar i kunstlivet. Erfaringa ho har frå kunstnarorganisasjonar gir også eit godt fundament for dialog og samarbeid i feltet, seier kultur- og likestillingsministeren.

Utvalet 2022–2025

Leiar: Trude Gomnæs Ugelstad, kunstnarleg direktør Sørlandets kunstmuseum
Vara: Arnfinn Bjerkestrand, utdanna kyrkjemusikar og tidlegare kultursjef

Nestleiar: Ande Somby, førsteamanuensis ved juridisk fakultet, UiT
Vara: Ida Gjessing, advokat

Medlem: Erik Henningsen, forskingssjef ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking, by- og regionalinstitutt NIBR, velferd, demokrati og offentleg forvaltning, Oslo Met.
Vara: Stine Baumann, jurist

Medlem: Un-Magritt Nordseth, koreograf og dansar
Vara: Anneli Marian Drecker, musikar
Vara: Duc Mai-The, skodespelar

Medlem: Hisham Zaman, filmskapar
Vara: Hanne Øverland, visuell kunstnar
Vara: Sigmund Løvåsen, forfattar og dramatikar

– Statens kunstnarstipend er eit av våre viktigaste kunstnarpolitiske verkemiddel. Utvalet for statens kunstnarstipend har ansvar for å sikre forsvarleg forvalting av stipendtildelingar i tråd med forskrift og lovverk. Dei har som mandat å kvalitetssikre innstillingane frå dei 23 sakkunnige stipendkomiteane. Vi har vore opptekne av å sikre eit godt kompetent utval med brei erfaring og god kjennskap til kunstnarane sitt virke, inkludert juridisk kompetanse. Vi har også sett det som viktig å sikre kontinuitet og kompetanseoverføring i det viktige arbeidet Utvalet gjer, seier kultur- og likestillingsministeren.