Aktuelt

Nytt medlem: منال الشيخ

Manal Al-Sheikh blir fødd i Nineveh i Nord-Irak i 1971. Manals far er språklærar. Han kjøper bøker og leser høgt for Manal og søskena.  –…

manal

Manal Al-Sheikh blir fødd i Nineveh i Nord-Irak i 1971. Manals far er språklærar. Han kjøper bøker og leser høgt for Manal og søskena. 

– Frå då forelska eg meg i bøker og språk. Eg fortsette å lese ulike bøker, og skreiv mine eigne meldingar om dei notatboka mi. I den boka hadde eg full oversikt over alt eg las. Eg var heldig og fekk venner med god utdanning, og slektningar som hjalp meg til å bli glad i å skrive. 

Manal tar ein bachelor i engelsk-arabisk omsetjing ved Mosul-universitetet i Irak. Ho jobbar i den lokale og i arabisk presse som frilansjournalist, og får også publisert skjønnlitterære tekstar i aviser og blad i både Irak og Europa. Dikta og essaya hennar blir omsett til engelsk, fransk, norsk, svensk, spansk, katalansk, og så vidare. Ved sida av prosaarbeid, gir Sheikh ut diktsamlingane With a red dot under his left eye i Beirut, Impossible Letters i Amman og Typo – Love File hos Athar publishing house (kjem i 2015)

2009: Manal er politisk flyktning, og kjem til Stavanger som fribyforfattar. Ho er i fribyforfattarprogrammet frå 09 til 2011, og har permanent opphaldstillating. I år kan ho søkje om norsk statsborgarskap. Det kjem ho til å gjere. Og det trass i sterke band til heimlandet, med klare minne frå barndommen: 

– Eg hugsar godt alle barnebøkene som eg fekk i tidlege år. Men særleg godt hugsar eg den første vaksenboka mi. Eg var 11-12 då eg fekk The Outsider av Colin Henry Wilson. Denne boka endra livet mitt. Det var ikkje vanleg for ei lita jente i eit konservativt samfunn å lese den form for meir filosofisk litteratur. Den var med på å forme synet mitt på liv og død.

Manal skriv heime, i favorittsofen, framfor TV. Og ser gjerne nyhenda eller ein film mens ho skriv. Det er ikkje for å sjå filmen og følgje med, men for å ha blafringa frå skjermen i bakgrunn. Nokre gongar tenner ho heller eit lys. 

– Ein ven tilrådde den metoden. Eg byrjar å skrive når eg tenner det, og ser, av lysets brann, kor mykje tid eg bruker på å skrive. 

Manal planlegg ikkje skrivinga. Ikkje eingong romanar legg ho ei plan for, før ho sett igong. 

– Plutseleg må noko ut. Eg må hjelpe det ut. 

– Kvifor skriv du?

– Eg skriv for å bli kvitt det store arsenalet av minne og tankar, med å formulere dei til ord. Og eg kan skrive, så – kvifor ikkje?

– Kva vil du med litteraturen din?

– Planen for den kommande tida er å arbeide som profesjonell forfattar, og få igong alle prosjekta som eg har usett. Dei involverer det å ferdigstille romanane mine, novellene og ei samling av dikt. Eg meiner at dei som skriv skal kunne berre skrive. For meg er ikkje skriving ein hobby. Og når eg snakkar om det å skrive, då meiner eg det å skrive kvalifisert, og produsere etablerte stykke litteratur. 

– Då trur eg at eg veit kvifor du søkte medlemskap i DnF. Men eg spør likevel: Kvifor valde du å sende søknaden? 

– Fordi eg veit sikkert at eg blir her i Noreg i minst to år til. Med DnF-medlemsskap kan eg bygge opp forfattarskapen min med informasjon om litteratur, og kontakt med andre forfattarar og bokbransjefolk.