Aktuelt

Nytt liv i gamalt forfattarlag

Møre og Romsdal Forfattarlag vart skipa etter iniativ frå DnF-medlem Marit Kaldhol i 1984. Blant målsettingane var det å skape eit miljø “til gjensidig inspirasjon…

screen_shot_2018-08-09_at_14

Møre og Romsdal Forfattarlag vart skipa etter iniativ frå DnF-medlem Marit Kaldhol i 1984. Blant målsettingane var det å skape eit miljø “til gjensidig inspirasjon for skjønnlitterære skribentar på Nordvestlandet, og å betre kommunikasjonen mellom skaparane og brukarane av skjønnlitteratur i lokalmiljøet”. Berre to år seinare kom ein antologi frå forfattarlaget ut på Samlaget, med tekstar av Kaldhol, Rønnaug Kleiva, Arne Ruset, Kim Småge og fleire. I 1992 kom ein ny antologi, no gitt ut i samarbeid med Naturvernforbundet i fylket. I 2017 blei forfattarlaget tatt opp att, av John Roald Pettersen, og har mellom anna ei samling på Bjørnsonfestivalen i Molde i byrjinga av september.