Aktuelt

Nynorsk litteraturpris til Lillegraven

Nynorsk litteraturpris blir delt ut av Noregs Mållag, Det norske teatret og Det Norske Samlaget for den beste boka på nynorsk eller dialekt. Lillegraven er…

ruth_lillegraven

Nynorsk litteraturpris blir delt ut av Noregs Mållag, Det norske teatret og Det Norske Samlaget for den beste boka på nynorsk eller dialekt. Lillegraven er den 11. kvinna som har fått prisen sidan den blei delt ut første gongen i 1982. Sidn då har den gått til mellom andre Eldrid Lunden, Jon Fosse, Kjartan Fløgstad, Lars Petter Sveen, Marit Eikemo, Edvard Hoem, Eirik Ingebrigtsen. 

Lillegraven debuterte som forfattar i 2005 med diktsamlingla Store, stygge dikt, og har sidan då gitt ut ein roman, fleire diktsamlingar og barnebøker, og vann Brageprisen for Urd (poesi, Tiden). Forfattaren har óg jobba som taleskrivar i Samferdselsdepartementet, og skriv no på heiltid.