Aktuelt

Livsfrise

  Pust ut,  pust inn,  og, for eit minutt,  legg frå deg den store teksten,  hugs at det er helg, søndag,  nei, hugs eit kyss, …

Avfotogr. av del av Edvard Munchs Livsfrisen

 

Pust ut, 

pust inn, 

og, for eit minutt, 

legg frå deg den store teksten, 

hugs at det er helg, søndag, 

nei, hugs eit kyss, 

kall det gjerne det første kysset, 

det er kva dei vil ha – 

Gyrid Axe Øvsteng og dei andre dramatikarane 

som skriv om Munch gjennom kyss

som ønskjer korte tekstar frå andre – frå deg 

– men du skriv på boka no?

– men du er ikkje dramatikar?

du var kanskje ikkje dramatikar 

kanskje har du aldri hatt poesien din performed standing 

men skriv no eit kyss

pust ut – send 140 teikna kyss hit

– eller eit som varar lenger – på e-post – til Teater Innlandet.