Aktuelt

Leve med forteljingar/ leve i følgje forteljingar

Dama på Deichmanske ristar på hovudet. Ho har ikkje Guds barn. 67 står på venteliste, allereie. Om også eg ville stå på lista? Nei takk,…

sveen_hogdebilde

Dama på Deichmanske ristar på hovudet. Ho har ikkje Guds barn. 67 står på venteliste, allereie. Om også eg ville stå på lista? Nei takk, eg går heller til Aschehoug forlag. Dei har allereie trykt det andre opplaget av Guds barn, og har solgt boka til USA og fleire andre land, og er Sveens gjennombrot som forfattar, sju år etter at han fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for Køyre frå Fræna. 

Så kva skjedde med den stilsikre og relativt sobre, og stramme novelleforfattaren? Korleis kom han til å skrive noko så fabulerande og fantastisk, som denne «fri gjendiktninga» av bibelhistoriar? 

Eskil Skjeldal hadde ideen til ein antologi som han bad Sveen om å skrive til. Sveen skreiv ei novelle om Peter og Judas. Prosjektet til Skjeldal stranda. Sveens andre romanmanus var tunge å jobbe med. Begge om 22. juli, og begge minna Sveen for mykje om den tunge prosessen som han hadde hatt med førboka Eg kjem tilbake. Sveen satt att med novella frå Skjeldals antologiprosjekt. Og valte å gå attende til den, og ta det derfrå: 

– Eg må alltid jobbe med å fjerne meg frå kva eg vil og finne magien. Slik blir det spennande å lese for publikum også, seier han, som samstundes hadde lagt datamaskina bort og skreiv for handa. Det gjorde også noko med skrifta: 

– Eg har dårleg kustus på meg sjølv. Difor skriv eg for hand: Det byrja å vokse og vokse. Det blei fleire tekstar. Eg giddar ikkje å tenkje bok når eg er i den flyten. Eg vil berre skrive historiar som eg brenn for. Og manus vaks. Nokre karakterar vaks opp. Benedikte las tekstane etterkvart, seier han, om redaktøren sin på Aschehoug. Redaktørskifte gjorde nemleg også noko med Sveens forfattarskap. Han måtte bytte redaktør, og fekk velje den nye redaktøren sjølv. Benedikte Treider ser ut til å vere ein god match med Sveen. 

– Vi snakka veldig mykje om manus etterkvart. Men ho dytta aldri på meg i forhold til utgivningsdato. Eg fekk bruke den tida eg trong. Guds barn var novellesamling, men blei roman. Romanen hadde på eit tidspunkt 26 kapittel. Han blei til novellesamling igjen, og så, igjen, roman. Sveen dro kapitla frå kvarandre og slo dei saman igjen. 

– Kor mykje arbeida du det om for at det skulle bli ein roman? 

– To kapittel, to novellar/ kapitlar er ikkje med i boka. På eit tidspunkt var det 26 kapitlar. Då var det framleis tenkt som roman. Men så var det tenkt som novellesamling igjen. 

På uroleg hav

Fosse har uttrykt at romanen er ein stor båt, og kan lekke litt. Novella, derimot, er ei jolle, og må vere heilt tett. Sveen gjorde opprør mot Fosses måte. Han blåste novellene sine opp. 

– Eg ville at dei skulle lekke som ei sil. Men det fungerte ikkje. Eg var så trøtt av den vanlege starten på novellar. Eg ville treffe ein karakter, og så sleppe han, om det var nødvendig, seier Sveen. Vekslinga mellom sjangrane ser ut til å ha gjort godt for boka. 

– Når ein snur og vender på noko så kan ein få eit anna blikk på det. Det ligg ein god del sprengkraft for lesaren når ein får det uventa blikket frå eit uventa hald. 

Attende til Fræna

– Eg leste vanvittig mange hardygutt-bøker som gut. 68 eller 78 bøker. Men vi hadde ikkje Hardygutt-bøkene på biblioteket heime, og dei kosta opp mot 40 kroner eller noko. Så eg spora opp alle som hadde Hardygutt-bøkene: Vennene til storebrødrene mine hadde dei. Eg gjekk og la meg veldig tidleg, i sjutida, for å lese, seier Sveen, som framleis er, som han seier Avhengig av å ha ei historie. Alltid å leve seg inn i ei historie. 

– Verda blir for stor og tom om eg ikkje har noko å halde fast i. Kvar gong eg er langt nede og sliten og ikkje orkar å lese avanserte bøker, då går eg straks på Tronsmo og ber Terje Thorsen om å finne fram ei god krimbok for meg. Vi har mykje av den samme smaken: Eg er avhengig å halde lesetrykket oppe. Karakterer er viktige. 

– Kva betyr det for deg at du er kristen? 

– Det betyr at eg trur på Gud og Jesus og historiane der, at eg går i kyrkja, tar nattverd, og er ein del av eit trusfellesskap som går over heile verda. Men eg ser også at det er grusomheiter som blir gjort i regi av kristne. 

– Kva er samanhengen mellom det å leve seg inn i historiar, og det å tru på Gud?

–Eg trur på forteljinga sin kraft, og særleg dei som skapar for oss sjølv. Dei fortel oss kven vi er, kva som skjedde. Bibelen og kyrkja og evangelia er viktige i eit slikt perspektiv. Ein gjenfortel dei same tekstane om og om igjen, seier Sveen, som sjølv vel seg Juleevangeliet, som ledestjerne:

– Ei historie om nestekjærleik og fellesskap, ei historie som gir meg eit stort lys. 

– Du har ikkje sagt så mykje, før, om at du er kristen. 

– Eg vil ikkje at Guds barn skal bli lest som ei kristen bok. 

– Kva er ei kristen bok? 

– At det er ei bok som angår dei kristne: om det er ein biografi om Jesus

Frå !les til Skriv!

Det er femte dag jul. Sveen sitt under grelle lysstoffrøyr, drikk kokt vatn, og tel dagar før han skal til Afrikas sol. Skriveloftet av Litteraturhuset er tomt, sett bort frå oss. Vi er her fordi Sveen skreiv mykje av Guds barn  på skrivesalen her. Gjennombrotsromanen stadfestet det som debuten, den Tarjei Vesaas-vinnande Køyre frå Fræna hinta om: Sveen er ikkje berre ein stilsikker forfattar. Tema han tar opp treff ei grunnlegge interesse i folk. Og nett no er motivet – Gud – også ei trend i tida: 

18. oktober 2014 stod denne artikkelen på trykk i Vårt Land: «Populærkulturen truer kirken». I artikkelen blir det hevda at bibelen er i eit «massivt mediekjør», og viser til populærkultur og andre kulturelle produkt som inkluderer religion og Bibelen. Andreas Kristiansen kommenterer artikkelen nokre dagar seinare: «Hva er vi så redde for? Vi må heller oppfordre dagens historiefortellere, både romanforfattere og manusforfattere, til å fantasere og fabulere, vekke til livet Bibelens persongalleri i den offentlige bevisstheten, la oss smake og kjenne nye sider av velkjente historier». Sveens fantasi blei frigjort og stimulert av å ha bibelen som førelegg for skrivinga. Det byrja med irritasjon over eit Dag Solstad – sitat frå norskboka på skulen. «Gje ikkje kaffikjelen vingar», stod det.

– Ein skulle skildre verda som ho var. Det må ikkje vere slik. Eg er meir inspirert av Asbjørnsen og Moe enn av Dag Solstad.

Leve i ei forteljing, eller å vere forteljinga

Det fantastiske frå Asbjørnsen og Moe, råskapen frå Brødrene Grim, evangelia, og bøker som The life of Pi er blant inspirasjonskjeldene til Sveen. The life of Pi handlar om ein gut fanga i ein båt med ein tiger. Ved slutten av boka kjem det fram at tigeren er eit menneske. Nærmare bestemt mannen som drap gutens mor. Guten fantaserte han om til ein tiger for å klare å vere i båten med han. Historia er eit døme på forteljing som overleving, forteljinga sin kraft. Guds barn skildrar korleis romerske offiserar klarte å drepe barn.

– Dei måtte rettferdiggjere for seg sjølv at det som dei gjorde var rett. Dei kalte det ei bragd, og måtte tru på at det å gjere godt. Spørsmålet eg stiller meg er – når mister ein evnen til å sjå om det ein gjer godt eller vondt?

– Er det då vi treng nedskrivne – og vedtekne moralsk rette forteljingar å halde oss til – som vegvisarar når vi blir forvirra? 

– Ein religion og nærleik til gamle skrifter kan gi ein tryggleik. Men ein kan også seie det slik at nærleiken til dei gamle skriften kan gjere ein blind. Det finnst misbruk av alt. Mennesket kan alltid spore av. 

– Vi er inne på det å la forteljingar endre og føre tankane sine. Er det dette som er å tru – i religiøs meining av ordet?

– For meg heng det å tru tett ilag med det å tvile. Den som ikkje tviler, kan du miste av syne kva som er rett og galt.