Aktuelt

Kunsten å komme frå Bergen

Kunsten å komme frå Bergen og ikkje gjere noko vesen av det. Og samtidig forholde seg til virkelighetslitteraturen. (Research, venn eller fiende?)   I vår…

unnamed

Kunsten å komme frå Bergen og ikkje gjere noko vesen av det.

Og samtidig forholde seg til virkelighetslitteraturen.

(Research, venn eller fiende?)

 

I vår tid er det ganske mange bøker og essay med tittelen: «Kunsten å… eitt eller anna.» Eg har sjølv ramla i «kunsten å»-fella opptil fleire gonger, utan å skamme meg nemneverdig, og her er «kunsten å» ein gong til.

            Eg har av og til undra meg over austlendingar som hevdar dei enten aldri har vore i Bergen, eller har vore i Bergen for første gong. Og då gjerne når dei har nådd 50- eller 60-årsalderen. Men dei har ofte vore i Kuala Lumpur, Canberra, San Salvador og gått pilegrimsløypa til Santiago de Compostela.

            Eg tar det faktisk som ei personleg fornærming!

            Så kva er det med Bergen, som gjer at til dels framståande folk frå andre delar av landet ikkje prioriterer å reise dit?

            Sjølv om eg snart har budd 27 år i Oslo, så er framleis Bergen Byen i mitt liv. Byen eg i mitt relativt uskyldige ungdomsliv kalla Norges San Francisco.

            Men dette er ikkje saka. Det er nok av framståande folk som har skildra Bergen, på godt og vondt, så slik sett må ein sjå på Bergen som ein litterær og fiktiv by. Den eigentlege Bergen finst kanskje ikkje.

Sjølv om eg no snart har budd 25 år i Oslo, og det er der eg har budd lengst i livet, og eg liker Oslo godt, så vil eg nok aldri komme bort frå at det er Bergen som er byen min. der blei eg fødd, og døypt i Sandviken kyrkje, der lærte eg å gå på ski, der sat eg ved vindauget om kvelden i mørket og såg ut på alle lysa i byen og let draumane komme til meg. Draumane om byen og byens store mysterium.

            .

            Bergen er ein slags akse i dei av bøkene mine der handlinga føregår på vanlege geografiske stader. Om ikkje dei litterære personane bur i Bergen (det gjer dei som regel ikkje), så skal dei iallfall dit. Om det no er for å studere eller dei har andre og meir lugubre ærend. Som å ta ein snøggbåt til Sogn eller kjøre til Stavanger med eit lik i bagasjerommet.

          Bergen er blitt skildra fint av mange. På godt og vondt, kan ein trygt seie. Og når eg tenkjer på Bergen der eg sit så trygt i Oslo, ser eg den stundom for meg som ein film noir-by, der neonlysa speglar seg i vasspyttane og mystiske skuggar snik seg rundt hushjørna og det høyrest eit einsamt skrik langt borte.

            Slik vil eg gjerne skildre Bergen.

            Men dette er heller ikkje saka. Kva i helsikken skriv ein om?

            Ein skriv om det ein kjenner. Eller om det ein ikkje kjenner, men berre finn på. Det siste krev ein større innsats, men er ofte bryet verd.

            Av og til drøymer eg at eg står og ser på Edvard Hoem. Han sit på Nasjonalbiblioteket, bøygd over millionar av nasjonalbibliotekark, mens han samtidig skriv titusenvis av sider om Bjørnstjerne Bjørnson og om slekta si på prærien.

            Det ville eg aldri ha klart. Respekt, Edvard Hoem.

            Ein av min ungdoms favorittforfattarar, den franske forfattaren Boris Vian, sa det slik, i ei av sine mest kjende bøker:  «Denne historia er fullstendig sann, sidan eg har funne den på frå ende til annan».

            Slik er det, ein må finne på frå ende til annan. Same om ein har opplevd det eller ikkje.

            Her er ein tekst:

 

«Han vaknar altfor brått. Slikt kan gå bra, klart. Og no? Han har fått tooogførti timar. Timar som flyt av stad, utan stans. Inga løysing å sjå.

Sola står varsamt opp. Han vaskar ansikt og hals. Kaldt vatn som sprutar. Klokka tillar. Inga bøn. Han går bort til døra og kikkar. Niks. Han slår på plata, tappar i kaffivatn, går inn i stova. Avisa frå i går ligg på sofaputa. Spørsmåla haglar imot ham. Kva no? Kva no? Inga rast og ro finst nokon stad, Og om så var? Nokon stor skilnad? Nokon som har noko å tilby?» Han oppfattar at noko kokar, fossar frå plata og på golvmatta. Han styrtar til, skrur av plata, slår vatn på kaffikorna i panna, tørkar opp. Han sukkar. Alt virkar håplaust. Skjorta klør, buksa strammar rundt låra. Om no alt var omsnudd og Laila stadig rusla rundt og plukka opp småtinga han alltid strør rundt omkring. Han mista tinga, ho plukka opp og putta på plass. Dytta saman om naudsynt. Samliv som sa sju!   Forhold av gammalt godt slag, utan stormar, utan konfliktar. Skoda utanfrå, langt, utanfrå, sjølvsagt. Altfor banalt og fruktanslaust å grubla slik som no. Var slikt godt for noko? Tankar som virka som vatn på gåsa. Minst.

Han drikk kaffi. Nøgda av han. Slurpar og står i. Tygg brød utan smør, kun påsmurt tjukt lag av normannaost. Frukost kallast slikt. Middag blir noko anna. Og Laila forsvann som dogg for sola og sand på havbotn. Slik går…

Dørklokka kimar og durar. Varsam no. Han kan aldri vita  kva som dukkar opp. Førtito timar var sagt. Sidan var fa’n laus. Og hakk i hæl all vondskap som samanraskast kan.

Utafor døra står Frank. Han flirar.

-Hallo. Noko som står på?

-Kaffivatn, mumlar han. Blanda han alt saman fortid og notid?»

 

            Eg skal ikkje påstå at dette er ein spesielt interessant eller vellykka tekst, og de der ute har sjølvsagt for lengst skjønt kva som er i vegen med den: Teksten er eit såkalla lipogram. Den manglar bokstaven E, den mest vanlege vokalen både i norsk og dei fleste andre språk det er naturleg å samanlikne med. Inspirert av ein annan franskmann, Georges Perec, som i 1969 gav ut romanen La disparition. Romanen er på litt over 300 sider, og er ein uoffisiell verdensrekord i lipogram. Den manglar også bokstaven e, noko mange kritikarar ikkje la merke til då boka kom ut. Perec var ikkje den første som gjorde ein slik strålande innsats. I 1939 gav Ernest Vincent Wright ut romanen Gadsby, også den utan e, men berre på 267 sider. Nestor frå Laranda, som levde i det 3. eller 4. århundret, skreiv ein Iliade, der bokstaven a manglar i første song, b i andre, osv. Av meir kjende forfattarar har Pindar skrive ein ode utan s og Lope de Vega har skrive fem noveller der han etter tur gir avkall på a, e, i, o og u.

            Eg må tilstå at eg ein gong i tida blei meir berørt av denne typen litterære triks enn av bøker der forfattaren skildrar sin eigen grusomme barndom.

            Så kva er best?

            Ein forfattar må ingenting. Ho kan sitje på rommet sitt eller liggje i den gode, varme senga si og drikke whisky eit heilt liv, og likevel lage verdenslitteratur.

            Eller ho kan vere hemingwayaktig eventyrar, dra til sjøs, dra ut i verdensrommet, overleve fleire flyulykker, delta i krigar og bli såra, klatre i fjell, drepe løver, gå på ski gjennom heile Sør-Amerika, bli skilt.

            Mens eg skriv dette ser eg ut på to kråker som sit på kvar sin telefonleidning (eller kva for leidning det no kan vere snakk om i vår tid. Eg tenkjer at det iallfall er ein leidning som blir brukt til å overvake enkeltindividet av amerikansk etterretning) og eg tenkjer på kva dette betyr, og kva slags assosiasjonar det vil gi meg. Sikkert mange. Samtidig som eg irriterer meg over at naboen ikkje kan ta seg saman og skjere ned den forbanna tuja-hekken sin. Ein irritasjon som truleg kunne vere grunnlag for ein heil roman på minst 300 sider, og gjerne utan bokstaven E, om det no skulle vere nødvendig!

            Det er ei ikkje heilt uvanleg oppfatning at forfattarar må reise, og gjerne opphalde seg nokre år i utlandet (vi snakkar her gjerne Paris, Roma – eller ein landsby i Provence eller Toscana, eller Hellas) for så å vende heim att etter nokre år for ikkje å ramle ut av det norske trygdesystemet og miste pensjonen.

            Det fanst ei tid då eg likte å reise, gjerne langt, og gjerne skrive bøker om det etterpå. Til Kina, til Cuba, til Chile, togreiser gjennom USA. Det gjer eg ikkje lenger. Særleg ikkje å reise langt. Ein t-banetur til Nationaltheatret stasjon er meir enn nok. Det kan bli både ein roman, ei essaysamling og til og med ei barnebok ut av det. Eg vil helst vere ein kortreist forfattar. Det er så mykje styr med denne reisinga. Det kostar pengar. Ein skal finne billige billettar på nettet. Ein skal sjekke inn, Ein skal igjennom slitsame sikkerheitskontrollar. Ein skal bruke ein formue på alkohol på flyplassen for å dempe flyskrekken aldri så lite. Ein skal tenkje på at bagasjen kanskje aldri kjem fram. Ein skal tenkje på korleis ein kjem seg frå den andre flyplassen og til hotellet. Går det ein buss eller eit tog? Eller kå ein bruke opp siste resten av stipendet på ein drosje?

            Slike ting.

            Men forfattarar er no så forskjellige. Det er dei som reiser, tilsynelatande heile tida. Og det er dei som i det store og heile sit heime og ser på tekst-tv og reiser i sitt eige hovud. Og der er det mangt å finne. Ikkje minst ulykkelege barndommar og skilsmisser. Og heller ikkje minst: Vage minne om bøker ein har lese og filmar og tv-seriar ein har sett. Særleg Twin Peaks.

            Eg tenkjer på Edvard Hoem igjen. All denne researchen. Må det til? Ja, det må vel det? Tenk på Charles Dickens. Tenk på Balzac. Dei kan vel ikkje ha hatt alt dette stoffet i sine eigne hovud utan å ha gått utanfor døra? Men send så Marcel Proust ein tanke. Han var knapt utanfor døra, men sanneleg blei det ein del sider litteratur ut av det.

            Så eg veit ikkje.

            Eg har éin gong drive research. I ein roman for lenge sidan, der handlinga går føre seg i 1956, skal hovudpersonen innom byen Tanger, for å møte sentrale personar og oppleve saker og ting. Eg hadde på den tid aldri sett mine bein i Tanger, så kva skulle eg gjere? Jo, eg gjekk til Aschehougs Konversasjonsleksikon, det som foreldra mine har i hylla og utgitt ein gong på 1950-talet. (Det er alltid ei stor glede å lese i gamle leksikon og sjå korleis verda var på den tid. Så annleis. Så svart-kvit.) Eg slo opp på Tanger, eg fann eit grumsete svart-kvitt bilde av byen og ei lita spalte med opplysningar. Deretter skildra eg Tanger, med alle sine lydar og lukter og marknader og drosjesjåførar og syntest eg fekk det bra til. Noko eg fekk bekrefta av lesarar etterpå. Akkurat slik er det i Tanger, sa dei. Akkurat slik. Du har sanneleg tatt det på kornet.

            Mange år seinare var eg i det verkelege Tanger. Og ja, det var akkurat slik. Det var som å vandre gjennom sin eigen roman og ein liten artikkel frå Aschehougs konversasjonsleksikon. Alt var gjenkjenneleg og litterært og eg blei påprakka nokre heilt brukbare teppe.

            Men vi har alle hatt eit liv, og dei fleste av oss som sit her har det framleis. På godt og vondt. Og vi bruker det. Om vi no kjem frå Bergen eller ikkje. Og kva vi enn finn på, så har det som regel noko med våre liv å gjere.

            Slik sett er det ikkje så forskjellig frå då vi skulle skrive stil på folkeskulen og tenkte: Eg har jo ikkje noko å skrive om. Men ved nærmare ettertanke: Jo, det har eg. Eg er kanskje ikkje så gammal, og livserfaring er det vel så som så med, men eg har då opplevd noko. Og om ikkje det er nok, så kan eg jo kopiere ei bok eg har lese og håpe at læraren ikkje har lese same boka. (Mitt ideal på skulestilfronten er klassekameraten min, Kjell. Oppgåva var å skrive ein stil om kråka, og her er Kjell sin stil: «Kråka er eit fint dyr. Ho er stor.»

            Så er eg tilbake i Bergen, denne fiktive og mytiske byen. Eg ruslar bortover Torgallmenningen. Eg går vidare. Der er Kløverhuset og Wallendahl. Der er det stolte Sundt-bygget. Der oppe ligg Nygårdsparken og Johanneskirken og der ligg fordundre meg Bryggen og det som ein gong var Fisketorget. Der står Varg Veum-statuen, ja, og der ligg det som ein gong var Børsen, der Johannes Kleppevik nærmast budde.

            Dette er altså Bergen. Her kjem eg i frå. Lite visste eg vel den gongen eg sat og såg ut på dei bergenske lysa ein vinterkveld at dette ikkje skulle vere min heim for alltid eller at denne byen skulle vere eit slags sentrum i det eg ein gong kom til å skrive.  

                        Eg går vidare. No manglar det eigentleg berre nokre bergensarar, tenkjer eg. Så no skal eg finne opp bergensarane. Eg skal skape dei i mitt bilde. Og dei skal ha som kjenneteikn at dei er høgrøysta og brautande. Nei, det skal dei forresten ikkje. Det ville rett og slett vere litt for enkelt. Men kanskje eg skal la dei snakke utan å bruke bokstaven e??? Nei. Det ville bli litt for vanskeleg igjen. Så vi får sjå. Får ta den tida som trengst.