Aktuelt

Kulturministeren: Må sikre at skjønnlitterære tidsavtrykk kjem til sin rett

I eit brev til kulturminister Hadia Tajik stilte Tybring-Gjedde dette spørsmålet:  I de senere årene er det vært diskutert flittig i ulike medier om hva norsk…

Hadia Tajik (Foto: Regjeringen)

I eit brev til kulturminister Hadia Tajik stilte Tybring-Gjedde dette spørsmålet:  I de senere årene er det vært diskutert flittig i ulike medier om hva norsk kultur inneholder og innebærer. Kulturministeren er landets øverste ansvarlig for kultur, og jeg ønsker derfor å vite hvordan statsråden definerer norsk kultur og hvilken grad hun mener det er viktig for landet å verne om og beskytte vårt lands kultur og tradisjoner? 

Tajiks svar ligg i heilskap på denne sida. Her er eit utdrag: (Men) norsk kultur har òg endra seg på måtar som har meir å seia for den praktiske kvardagen for nordmenn. Camilla Collett fanga essensen av si tid i boka ”Amtmannens døtre” på midten av 1800-talet, der ei kvinne anten var sin fars dotter eller sin manns kone. I dag er Noreg meir likestilt, kvinner har fleire moglegheiter no enn på noko anna tidspunkt i vår historie; av di norsk kultur har endra seg; av di norske damer sjølv og med støtte frå ein grenseoverskridande likestillingskamp har endra samfunnet. Hadde me gjort slik representanten skriv, ”vernet om” og ”beskyttet” denne delen av ”vårt lands kultur”, hadde me aldri oppnådd slike framsteg. 

Boka til Collett er like fullt ein del av vår kulturarv, det er eit skjønnlitterært avtrykk av si tid. Ei viktig oppgåve for ein kulturminister er å sikra at slike avtrykk kjem til sin rett òg i vår samtid.

Tajik avsluttar svaret sitt slik: 

Norsk kulturpolitikk har gjennom alle år vore prega av tiltak som dels tek verneomsyn overfor det samla kulturfeltet, og dels fremjar det nyskapande og eksperimenterande, spesielt innanfor kunstområdet. Dette er ei balansert tilnærming som har vore eit kjennemerke for norsk kulturpolitikk uavhengig av politisk farge på regjeringane.