Aktuelt

Huke deler eit dikt etter tre veker med danselyrikk

Fem dansarar, fem poetar. Saman laga dei ei framsyning som blei vist i teatersalen til Rådstua i Tromsø. Det var i samband med litteraturfestivalen Ordkalotten….

FOTO: METTE KARLSVIK

Fem dansarar, fem poetar. Saman laga dei ei framsyning som blei vist i teatersalen til Rådstua i Tromsø. Det var i samband med litteraturfestivalen Ordkalotten.

Poetane var på scena, dei òg. Huke ikkje noko unntak. Kvar kveld denne veka, frå halv åtte til ni-tida, las ho og tok nokre steg. Ho har likevel funne tid til å svare på oppmodinga frå Juliane Rui om å gi eit dikt i DnFs dikstasfett. Diktet er frå den fjerde og hittil siste samlinga hennar, som kom i fjor, og heiter De fire årstidene. Ved sida av å vere kunstnar, var Huke også denne våren valt inn som nestleiar for Norsk Forfattersentrum (sjå bilde, der Huke står i svart, bak i bildet). Huke sender stafettpennen vidare til ein annan trondheimsbasert forfattar, som heiter Ellen Grimsmo Foros.