Aktuelt

Heidersmedlem Hovland

  I Samlagets Litteraturselskap sin grunngjeving står det mellom anna at Ragnar Hovland har med si særeigne stemme skapt eit burlesk univers med  ulike karakterar…

© Samlaget

 

I Samlagets Litteraturselskap sin grunngjeving står det mellom anna at Ragnar Hovland har med si særeigne stemme skapt eit burlesk univers med  ulike karakterar og kattar som har gjeve mykje leseglede.   Bøkene hans  er lesne av alle aldersgrupper og inneheld  romanar, dikt, kortprosa, essays, oppslagsverk, sjølvbiografi,  lettlesbøker, berne- og ungdomsbøker,  sakprosa, drama, noveller og  epost i utval.     Han har skildra  Vestlandet med rock’n roll-perspektiv, humor og sjølvironi,  og han fekk raskt eit trufast og ivrig publikum. Hovland har inspirert skuleelevar, forfattarspirar og forfattarar  med den leikne skrivestilen og dei sprelske innfalla.