Aktuelt

Frykta for å bli avfeid som triviell

Therese Tungen kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen, frå slekter som har heldt til der gjennom mange generasjonar. Sjølv flytta ho til Trondheim, Aix-en-Provence og Ohio,…

Therese Tungen (Foto: Tine Poppe)

Therese Tungen kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen, frå slekter som har heldt til der gjennom mange generasjonar. Sjølv flytta ho til Trondheim, Aix-en-Provence og Ohio, før ho enda i Oslo, der ho bur i dag. Tungen er forlagsredaktør ved sida av eige forfattarskap, og debuterte med novellene Ein gong var dei ulvar på Aschehoug i 2017. To år seinare kom Kjærleik og det som liknar, også den på Aschehoug. For desse bøkene blei Tungen innvotert i Den norske Forfatterforening. 

– Når ein veks opp i ein vanleg familie i ei bygd som Kvam i Gudbrandsdalen, tenkjer ein ikkje: Eg kan bli forfattar! Iallfall gjorde ikkje eg det, begynner Therese Tungen. 

– Eg voks opp som dottera av bilforhandlaren i Kvam. I barndommen var det alltid mykje snakk om bil, veteranbilar og nye bilar, hestekreftar, dekkvalitet og den slags. Men vi hadde bøker, begge foreldra mine var med i bokklubbar, og før internettet kom var det lett å gripe til bøkene når eg mangla noko å gjere. Lesinga har følgd meg sidan. Eg les ikkje så fort eller mykje, men må alltid ha bøker i nærleiken og alltid ei bok i veska. Bil har eg derimot ikkje, og det saknar eg iblant. 

Så korleis begynte du sjølv å skrive? 

Kva er det som gjer at ein skriv? Eller at ein tenkjer: Eg skal skrive og få gitt ut noko eg har skrive? Skrive har eg gjort sidan eg var ganske ung, og også da kjente eg ei glede ved det, at noko skjedde i det skrivne, at det ikkje var daudt. Eg teikna og måla òg, banale teikningar, reproduksjonar av andre sine måleri. Men eg fortsette med det eine og ikkje det andre. Det er vanskeleg å seie kvifor. 

Som student vart eg ofte forundra over andre eg møtte som var fulle av kunstnariske ambisjonar og som snakka høgt om dei. Kjærasten min var ein slik ein. Da han sa han ville søke på forfatterstudiet i Bø, verka det ganske så vidløftig på meg. Om han kom inn, ville det føre til at vi måtte bu frå kvarandre og det var ingen av oss klare for. Så eg søkte eg også, og begge kom inn. Hadde eg ikkje gjort det, ville eg kanskje ikkje ha skrive dei to novellesamlingane. Eit års tid seinare hamna eg i forlag, og det var alltid så travelt. Hadde eg ikkje sagt opp redaktørjobben nokre år seinare, ville eg kanskje ikkje fått til skrivinga. Og hadde eg ikkje fått plass på Aschehoug sin kveldsskule da eg var gravid med sonen min, ville eg kanskje ikkje ha fått til skrivinga. At eg til slutt fekk roa til å utvikle skrivinga til lengre tekstar kom nok av ei rekke tilfeldigheiter (kven eg møtte, kva miljø eg vart ein del av) og ein iherdig tanke som dukka opp med jamne mellomrom gjennom åra: Eg vil skrive. 

Men du tok jo val på vegen som å seiast å kunne ha vore absolutt relevante. Du utdanna deg til cand.philol?

Eg studerte litteraturvitskap i Trondheim. Eg visste ikkje heilt kva faget var, men tenkte det passa meg fordi eg likte så godt å lese. Novella «Elskaren» som handlar om ein nittenåring i Trondheim i 97, skildrar kor vanskeleg det er å få til å studere, å knekke kodene, omsette teorien til noko som gir meining. Og slik hugsar eg det sjølv også. Eg var ein iherdig student, men skjønte ikkje heilt kva professorane var ute etter. På mellomfaget skjønte eg det gradvis, ambisjonane steig og eg ville ta doktorgrad. Men eg skjønte aldri heilt korleis ein skreiv ein doktorgradssøknad heller, så det vart ingenting av.

Du har ein påbegynt doktorgradssøknad?

Ja.

Men det du skreiv ganske mykje av, var frilans, ikkje sant? Dagbladet, A-magasinet, Klassekampen og så vidare. 

Eg var bokmeldar først i Morgenbladet, så i Klassekampen, etter at Bendik Wold starta bokmagasinet der. Dei andre tekstane eg skreiv i tjugeåra var enkeltsakar, eg var aldri journalist, men prøvde meg litt fram. Ein av dei første sakane eg skreiv, var som redaksjonsassistent for Natt & Dags studentguide i Trondheim. Sjefen min var Bår Stenvik, som også var sambuaren min. Eitt av oppdraga var å intervjue folka i ein hip, nyopna sushirestaurant i byen. Eg hadde tenkt at det ikkje var så nøye med opptakar, viss eg berre noterte bra. Eg skreiv intervjuet, fekk innspel frå Bår, piffa det litt opp og sende det til restaurantsjefen for gjennomsyn. Han sa han ikkje kjente igjen noko av det eg skreiv han sa i intervjuet. Ingenting. Ha ha. Nå jobbar eg jo med sakprosa som redaktør og veit kor nøye det er at forfattarane er nøyaktige og tru mot verkelegheita. Iblant tenkjer eg på denne restaurantsjefen og ler litt inni meg. 

Eit par gonger har eg prøvd meg i meiningsytringar på Facebook, og det har berre ført til at eg ligg søvnlaus.

No som du sjølv er forfattar av skjønnlitteratur – korleis er det å sjå tilbake på dei, til dels kritiske, meldingane du skreiv for ti-tjue år sidan? 

Det var interessant å melde bøker også, men det er også litt av eit ansvar, tidkrevande og dårleg betalt. Ein skal lese skikkeleg, gi heilskaplege vurderingar, helst lese seg opp på forfattarskap, vere tydeleg, men også anstendig. Eg var opptatt av at å lese meldingane i seg sjølv skulle vere ei god leseroppleving, at tekstane skulle ha ein verdi i seg sjølve. Når eg les gamle meldingar eg skreiv, ser eg at nokre av dei er langt skarpare enn eg heilt skjønte. Eg ser at det var eit yngre «eg» som skreiv dei, fylt av teori og lesing, med mindre erfaring enn i dag. Det tok tid å skjønne korleis eg skulle vekte kritikken mot det eg likte i tekstane. At kritiske innvendingar veg tungt, og kanskje ikkje skal ta opp for mykje plass i ein kort melding, med mindre ein verkeleg vil få fram det som eit hovudpoeng. 

Seinare skriv du frå New York. Kva gjorde du der, og kva lærte du der om samfunn, kunst og litteratur som har komme inn i kunstnarskapet ditt idag? 

Eg var der i seks månader, og eg har nok utanlandsopphald før det som har prega meg meir, særleg kanskje språkstudiane i Aix-en-Provence, som var eit år eg levde livet meir enn eg studerte fransk. Men ja, eg jobba litt for forlaget Oktober frå New York, skreiv bokmeldingar og andre sakar, og levde på lånte pengar. Eg var i New York fordi Bår var der, han budde og studerte der i to år mens eg budde i Oslo. Eg drog dit både for min eigen del og for å redde forholdet vårt. Seks månadar var fint, men det var vanskeleg å finne ein stad å vere usett, overalt var det folk. Så for meg var det ikkje ein blivande stad. Noko av det mest interessante eg gjorde i New York var å vere assistent i eit kurs om storytelling ved ein high school ved Central Park. Vi vegleia ungdommane i å fortelle historier frå liva sine og framføre dei. Det var ei stor oppleving.

Så – jobb i forlag. 

Eg kom rett frå akademia til Oktober i 2007. Den største skilnaden var vel kjensla av kor handfast jobben var. At ein etter nokre månader, eller år, stod med ei fysisk bok i handa, med eit innhald og eit omslag som ein hadde hatt fingrane i. Det å lage fysiske produkt, det er framleis noko djupt tilfredsstillande ved det. Redaktørjobben passar meg godt. Eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til å fordjupe meg i manusarbeid, for der ligg den store gleda ved arbeidet, det og å jobbe med forfattarane, designarane, fotografane. Det er mykje psykologi i jobben, kva ein seier når og korleis, korleis få ut det beste hos forfattaren, korleis hjelpe hen med å finne ut av det med teksten. 

Men som du var inn på tidlegare, så fekk du lite tid til å skrive?

Eg sa opp redaktørjobben i Kagge, da hadde eg eitt barn og hadde eit ønske om eitt til. Eg såg med klarheit at eg ikkje ville få til å skrive om eg skulle jobbe så mykje. Tre dagar etter oppsigelsen oppdaga eg at eg var gravid. Gravid og ekstremt kvalm. Det var rett og slett dårleg timing. Etter det jobba eg frilans i nokre få år, før eg vart hanka inn til Samlaget. Og her kjem poenget: Eg hadde fått nok tid til at eg fekk på plass skjelettet til det som vart Ein gong var dei ulvar. Ved å ofre tryggheit og stabil inntekt, sa eg til meg sjølv at skrivinga var viktigast. På den tida gjekk eg på Aschehoug sitt forfattarstudium, og i løpet av det året skjønte eg at eg kunne få til å skrive lengre historier. Teksten eg sende inn som inntaksprøve til kurset vart faktisk til ei av novellene i debutboka, «Flaumen». Eg trur det skjedde noko med skrivinga da eg skreiv om ein mann som budde på bygda og forstod at dette må eg skrive på nynorsk, ikkje bokmål, for å komme tettare innpå kjenslene og tankane hans. Etter det fekk eg tak i ein tone og fortellerstemme som kjentest riktig. 

Apropos gravid og kvalm: Eg las ei novelle frå debuten då eg var gravid, og det var kanskje ikkje den rette teksten for ei vordande mor. Det var novella med ungane som vart forlatt av mora i jula. Stemninga av jul, ideen om forventningar hos små barn, og den paradoksale veke 52. Ideane vs. røynda, sola som snur, den fæle festen. Eg minnast eit mørke som breidde seg, faktisk! 

Uff, beklagar det! Det er nok ikkje den best eigna teksten for gravide. Men ja, eg ville finne ut korleis det var for ungar når foreldra forsvann og dei var overlatt til seg sjølve. Kva skjedde imellom dei, kva overlevingsstrategiar fann dei, korleis tenkte dei på foreldra, på verkelegheita? Arbeidet med teksten begynte med desse spørsmåla. Det var jul og kaldt, visste eg, og viss straumen gjekk i tillegg, kva da? Det er eit ganske brutalt utgangspunkt, litt sånn piken med fyrstikkene, og eg var klar over faren med å bevege meg inn i denne sosialrealistiske verda, at eg måtte passe litt på korleis eg skreiv det fram. Eg gjekk inn i hovudet til den eldste av dei, som framleis er barn, men også den ansvarlege. Eg ville lage eit kammerdrama, nesten alt foregår inne i den vesle leilegheita. Og eg fekk vondt i magen sjølv da eg las teksten sjølv ei god stund etter at eg skreiv han, det som skjer er såpass brutalt, eg får vondt av ungane, og lurer iblant på om eg tok i for hardt da eg skreiv. Eg ville ha med ein pistol i teksten, og alle veit at når det er eit våpen i ein tekst, så må det våpenet avfyrast på eit tidspunkt. Men eg ville ha med pistolen. Da eg skriv, var eg så inne i det som skjedde, at eg ikkje såg heilt kor fatal teksten kan opplevast. Og kanskje går det godt til slutt, kven veit? 

Korleis liker du sjølv debuten?

Nokre av tekstane i debutboka begynte eg på da eg framleis var i tjugeåra, så det er tekstar eg har eit nært forhold til. Eg er glad i dei, nokre meir enn andre, og ikkje alle er like fulleinte eller vellykka. Det same gjeld den siste boka, nokre av tekstane der er tett forankra i problemstillingar eg sjølv har opplevd i livet. Å gi ut kjærleiks-boka kjentest som å stå med hjartet i handa. Det var fiksjon, men eg har jo gått gjennom ein del av dei same kjenslemessige erfaringane. Vere sjukt forelska, spørsmålet om ein skal få barn eller ikkje, kjensla av lede – var det sånn det skulle bli, lissom? Og ja, eg er glad i Ulveboka også, og vil attende til noko av det same landskapet som eg skriv om der, bygda og dei som bur der. 

Så fekk du prisar. Bjørnsonstipendet, Aschehougs debutantpris, nominasjon til Ungdommens kritikerpris…

Prisar og nominasjonane kom uventa på meg, men ja, det er klart det er fint å bli nominert og få anerkjenning. Eg merkar at det har noko å seie for korleis skrivinga blir bedømt av andre enn meg sjølv, det og gode meldingar. Men det utside-blikket ein får på seg sjølv ved bokutgiving er jo litt både–og. Det er lett å ville ha meir merksemd, og det er jo litt tilfeldig kven som blir lyssett og kven som kjem i skuggen til ei kvar tid. Eg har sett at eg gjer lurt i å fri seg frå det blikket frå utsida og prøve å berre tenkje på kva eg skal skrive.

Korleis er det å ha bakgrunn som kritikar, for så å opne avisene og sjå kva kritikarane har meint? 

Eg hadde jo forskuttert med ein del innvendingar da bøkene mine kom ut: Eg visste kva eg sjølv kunne hatt som forbehald mot dei om eg hadde sete på den andre sida som lesar. Det har gått overraskande bra, må eg seie, og mange av meldingane har vore riktig gode – og velvillige – lesingar. Bøkene har i stor grad blitt lesne på sine eigne premiss. Eg har fått lite motstrøms-meldingar så langt, men nokre. I den siste boka, Kjærleik og det som liknar, skriv eg mykje om det vesle og trivielle i kvardagen, sidan det stort sett der livet foregår. Eg skriv om kjenslemessige rørsler i karakterane som kan vere vanskeleg både å få auge på og sette ord på. Eg var redd for at det eg prøvde å få til, ikkje skulle nå gjennom, men bli avfeid som trivielt. Det er mykje mindre ytre drama her enn i den første boka mi, kor det både er flaum, drap og folk som blir til dyr. 

Eg var opptatt av at å lese meldingane i seg sjølv skulle vere ei god leseroppleving, at tekstane skulle ha ein verdi i seg sjølve.

Men så var kritikkane av dine meldingar positive. Skulle du hatt meir motstand? 

He he, nei, eg trur ikkje at eg skal seie høgt at eg vil ha meir motstand, akkurat. Det kan fort gå troll i ord. Men det er rart med kritikk: Noko er veldig realt og lett å ta stilling til, om ein er einig eller ueing, mens andre gonger kan kritikken pirke borti noko sårt, som om ein sjølv blir kritisert. At ein får kjensla av at denne kritikaren verken liker meg eller det eg skriv om eller måten eg skriv på. Og det er jo ubehageleg, når ein er ein som liker å bli likt. Det er svært givande når det kjem lesingar kor den som skriv har oppdaga noko i novellene som eg sjølv ikkje har sett eller tenkt over mens eg skreiv, om det dreier seg om metaforbruk eller psykologiske samanhengar i karakterane. 

Korleis vil du skildre det du skriv til nokon som ikkje har lese deg enno?

Nokre vil synest novellene er langtekkelege og kjedelege med mange skildringar. Nokre synest dei slutter altfor brått. Andre liker det dei les. Eg blir glad når nokon seier, «Eg har aldri lese noko om dette skrive på denne måten før». Eg blir uforhaldsmessig glad når eg les ei melding som seier at eg har stor psykologisk innsikt. Kor fint er ikkje det, å ha psykologisk innsikt? Det burde eg henge på kjøleskapet. Eg veit eg ikkje skriv veldig originalt, eg finn ikkje opp eit nytt språk, det er ikkje der det ligg. Eg skriv gjerne ut frå ein kjernetilstand eller stemning, og veit ikkje kva veg historiene vil gå. Så blir dei forma, lag på lag og gjerne med nokre sidevegar og sidehistorier. Slik sett er dei ikkje typiske noveller, til dei er dei knytt for laust og med for mykje innhald. Eg liker svært godt å nøste i det psykologiske som foregår i oss og mellom oss, men eg liker også framdrift, at det skjer noko interessant på handlingsplanet. 

Du har allereie sagt litt i andre intervju om bøker som du liker. Men er du av den typen forfattar som hentar fram andres bøker og går til ting du har beundra, og analyserer og lærer av det? Kva ser du då ser etter? 

Ja, eg les andre bøker, også mens eg skriv. Iblant når eg føler at eg skriv slik at eg mistar den språklege finkjensla, så tek eg fram poesi og kortprosa frå hyllene. Elles les Marguerite Duras sine bøker, kor det brenn i kvar einaste setning (eller annakvar). Det får meg til å skjerpe meg og vere i språket. Lorrie Moore sine kortprosatekstar kan også vere fine å bruke undervegs. Iblant må eg legge vekk boka eg les, slik at eg ikkje blir for påverka, som da eg las Rachel Cusk sine bøker mens eg skreiv mi siste bok. Men: Det kan vere like bra å sjå film og høyre på podcastar, og slik få inspirasjon til både vendingar i handlinga og til det som skjer i folk sine indre. Eg høyrde ein del på samlivspodcastar da eg skreiv om samliv, til dømes Esther Perrel sin podcastserie, Where should we begin, som tek oss med inn i terapirommet kor par prøver å redde forholda sine. Kor dei strevar – og kor vanskeleg det er for mange å faktisk høyre på kva den andre prøver å seie. Slik er det jo. 

Kva av novellene dine synest du sjølv har høgast kvalitet? Og kva av novellene betyr mest for deg personleg?

Viss eg skal seie ei novelle som betyr mykje for meg, så er det kanskje «Elskaren» i Kjærleik og det som liknar. Det er første novelle i den boka, og på eit vis tenkjer eg på ho som ein oppfølgar til den siste novella i Ein gong var dei ulvar, som handlar om ei sekstenårig jente som går rundt i bygda og lengtar ut. I «Elskaren» er jenta, som er ei anna, men også kanskje litt den same, nitten og bur i Trondheim.  

Eg vil gjerne tilbake til den avisskrivinga di igjen, sjølv om det er lenge sidan og sjølv om det ikkje var den vegen du gjekk. Det er tekstar der med det som eg, også når ein har teke med i reknestykket at dette er avisartiklar og ikkje litteratur, opplever som ein heilt annan temperatur og stemning enn i novellene dine. Lesarinnlegg, mellom anna, som omhandla Nils-Øivind Haagensens debattinnlegg signert Skjeveland. «Når Nils-Øivind Haagensen skifter kostyme er han et øyeblikk naken.» 

Karriera mi som lesarinnlegg-skribent begynte og slutta med dei innlegga i Morgenbladet. Eg veit ikkje om eg kan seie så mykje fornuftig om dei nå, faktisk, eg har gløymt mykje. Men eg hugsar kjensla da eg las det første innlegget av Skjeveland der han roste Haagensen på den måten, av dette mannsfellesskapet der ein driv og bakkar kvarandre opp. Eg ville pirke litt i det, og meiner framleis det var på sin plass. Eg fann ut med åra at konflikter er vanskeleg, eg unngår dei så sant eg kan. Eit par gonger har eg prøvd meg i meiningsytringar på Facebook, og det har berre ført til at eg ligg søvnlaus. Nokre liker konflikter og temperatur, eg kan kjenne eit stort ubehag ved hissige meiningsutvekslingar, mykje på grunn av alle mistydingane og misforståingane som ofte følger, at ein tolkar kvarandre i verste meining. Eg tenkjer ofte: Eg kunne aldri vore politikar, eller politisk kommentator for den del. 

Eg hadde tenkt at det ikkje var så nøye med opptakar, viss eg berre noterte bra. Eg skreiv intervjuet, fekk innspel frå Bår, piffa det litt opp og sende det til restaurantsjefen for gjennomsyn. Han sa han ikkje kjente igjen noko av det eg skreiv han sa i intervjuet. Ingenting.