Aktuelt

Fram mot 125-årsjubileet (2)

Då Brageprisen var under press, ringte Audun Heskedal til ein geolog. Det eg hugsar frå arbeid mot bokbransjen var at eg redda Brageprisen, fortel Lidvin…

brage_wahlbom

Då Brageprisen var under press, ringte Audun Heskedal til ein geolog.

Det eg hugsar frå arbeid mot bokbransjen var at eg redda Brageprisen, fortel Lidvin M. Osland. Vi sitt i lokalsamlinga til Førde bibliotek. På døra heng ein handskrive lapp: «Opptatt til 12.00». Hanskrifta tilhøyrer bibliotekaren. Osland tilsette henne i sin tid. Han arbeidde som Noregs første fylkeskultursjef då han kom til Sogn og Fjordane i 1979. Det er difor vi møtest; vi snakkar eigentleg om Sogn og Fjordane som progressivt kulturfylke generelt. Men den pensjonerte fylkeskultursjefen har jo, som han seier det sjølv «levd tre liv». Minst eitt av dei som direktør i Kulturrådet.

 

«Norsk Kulturråds direktør Lidvin Osland tenkte som Elvis Presley, "Now or never", og bevilget i går kontant en million kroner for å redde Brageprisen.»

 

Slik byrjar ein artikkel frå Dagens Næringsliv frå 1992. Bakgrunnen: Televerket trakk seg som sponsor året før. Ein kunne miste Brageprisen. Trass i tronge budsjett, fann Kulturrådet ein million kroner i tilskot. «man har funnet albuerom for en slik ekstrabevilgning innenfor Kulturrådets stramme tøyler, kan skyldes en uortodoks innstilling hos Lidvin Osland, som er ny direktør,» skriv DN.

 

Attende til 1979, og velkomstmiddag for den nytilsette kultursjefen i Sogn og Fjordane: «Du skal vel synge eller spele her i kveld,» seier ein annan til Osland.

– Dei trudde at dei hadde tilsett ein Erik Bye, seier Osland, nesten seksti år sidan han gjorde seg ferdig med realstudia og var geolog.

Lidvin seier sjølv at han har eit hovud for tal og mattematikk. Allereie på åttitalet introduserer han konseptet «kultur og næring». Men når han ber kommunar om å bidra i kulturtiltak, opplever han at dei er tilbakehaldne.

– Dei var ikkje vante til å bruke pengar på kultur.

Men etter kvart, når tiltak blir realiserte, får Osland klapp på skuldra, og grønt lys til å køyre på.

– Politikarane blei etter kvart stolte over at Sogn og Fjordane var eit kulturfylke, seier Osland, som har vore tatt til kontingent for at verdas tiande United World College blei lagt til Sunnfjord, at Nordisk Ministeråd løyva midlar til å opprette Nordisk Kunstnersenter Dalsåsen, samt institusjonar som Folkemusikkfestivalen, Førde kunstsenter, og, noko få veit om: at Brageprisen framleis finnst.

– Eg satt på trikken i Oslo ein dag, då Audun Heskestad (formann i stiftinga for prisen, red. anm) ringte mobilen min. «Har du høyrt at dei skal legge ned Brageprisen?». Eg snudde meg rundt, ringte og fekk med meg støttespelarar – og ein million kroner.