Møt medlemmer

Frå Noregs Boklag til viser til Cohen til Bly til Aljamarkir

Klisjeen seier at det er lettare å debutere enn å skrive den andre boka. Var det difor Odd Goksøyr venta 44 år før han gav ut si bok nummer to og blei medlem i Den norske Forfatterforening?

Odd Goksøyr er poet, omsetjar, visesongar og i det heile tatt ein fleir- og tverrfagleg kunstnar. Foto: privat

Odd Goksøyr vaks opp på Runde på sunnmørskysten i det han kallar «dei gode sildeåra på femtitalet». Frå han var ung har han skapt verker eller improvisert i krysninga poesi og musikk. Han tok hovudfag i nordisk språk og litteratur og mellomfag i historie og religion. «Arbeidslivet har stort sett føregått i vidaregåande skule i Trondheim og Ulsteinvik,» fortel Goksøyr, som debuterte på Noregs Boklag i 1976 med diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane. I 2020 kom «skriftene og fiksjonane» Aljamarkir på Det norske Samlaget.

Du venta så 44 år før den vanskelege andreboka. Eg ser da bort ifrå barneboka og gjendiktningane, sjølv om eg anerkjenner dette som viktige utgjevnadar også. Kanalen her er jo DnF. Så eg lurer på om du kan gi meg historia om desse to bøkene: kvifor kom dei til akkurat da dei kom til, og kva fyller dette havet av tid mellom dei?

Samlinga frå 1976 er vel eit typisk barn av si tid, i alle tilfelle i det miljøet eg var i då desse tekstane vart skrivne, dei er enkle, skildrar kvardagen og kanskje med spor av dei politiske trendane frå den tida, på parti med det nære og samfunnet sett nedanfrå. Så gjekk livet over i vidare studiar og undervising, i hovudsak i vidaregåande skule, og sjølv om eg aldri slutta med skrivinga, vart det stort sett songar og visetekstar, eg er vel også eit barn av visebølgja. Seinare vart det fleire prosjekt i dette grenselandet mellom tekst og musikk, til dømes teksten til ein slags musikal for kor med utgangspunkt i Amalie Skrams Karens jul, og ein del omsetting, mest omfattande eit prosjekt med rundt 20 songar av Leonard Cohen, og siste åra to samlingar av Robert Bly og ei samling dikt av Christine De Luca omsett frå shetlandsk. Bly-prosjekta førte meg over til å lese oppatt Tranströmer, og der fann eg nokre tekstar som ropte på å bli sungne. Det enda med ei framsyning med nokre Bly-dikt og dikt av Tomas Tranströmer, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten som eg tonesette. Novellesamlinga som kom i 2020, aljamarkiR, ber i seg tematikk eg alltid har vore oppteken av, forteljingar som mytar og minne, kommunikasjon, eller manglande slik, mellom menneske, og desse trådane, fysisk og psykisk, sosialt og gjennom historia, som knyter oss saman og skaper rammene for liva våre. Språkleg og sjangermessig vekslar tekstane mellom det reflekterande, essaystiske, og meir reine noveller. Kvifor bøkene kom når dei kom, har eg mindre klart svar på, det har med tilfeldigheiter og når idear dukkar opp å gjere mest.

Sjølv om eg aldri slutta med skrivinga, vart det stort sett songar og visetekstar, eg er vel også eit barn av visebølgja

Debuten er altså snart 45 år. Minnast du kva det var som skjedde – kreativt eller biografisk – som gjorde at du klarte og måtte fullføre det første manuset, og debutere?

Det minnest eg vel knapt, eg gjekk i eit miljø der tekstar og dikting var sett pris på og vart diskutert, og det å skrive tekstar var noko eg hadde drive med sidan barndommen.

Korleis var det å debutere i 1976, som lyrikar?

Hehe, det var stilt og fredeleg og utan store bølgjer, men det var sjølvsagt spesielt å få det første eksemplaret i handa.

Kva retning tek forfattarskapet herfrå? (Om du skriv på noko no, kva skriv du på?)

Sei det, eg har liggande det som truleg blir ei dobbel-samling av to bøker av Bly frå heilt mot slutten av forfattarskapet hans, som kanskje kjem i løpet av året, og eg har eit halvferdig, håpet eg, romanmanus som eg ikkje vil seie så mykje meir om. 

Vi tilrår forøvrig dette suverene intervjuet med Goksøyr som er gjort av forlaget hans, Samlaget, i samband med utgjevnad av den andre boka. Her er Goksøyr på Youtube.