Aktuelt

Forfattersentrum: 8243 oppdrag i 2016

Også totalomsetninga auka, og enda til slutt på 46,7 millionar kroner. Vi er dessutan svært stolte over å ha formidla rekordmange forfattarar i ei tid…

forfattersentrum_2

Også totalomsetninga auka, og enda til slutt på 46,7 millionar kroner. Vi er dessutan svært stolte over å ha formidla rekordmange forfattarar i ei tid der fleire uroar seg for den smale litteraturen si rolle i offentlegheita: 747 individuelle forfattarar fekk utbetalt honorar via oss i 2016.

Talet på registrerte oppdrag har gått litt ned, frå 8370 i 2015, til 8243 i fjor, men nedgangen kjem først og fremst fordi oppdraga blir meir omfattande. Det er ikkje korte opplesingar frå bøkene (minstesatsen) som er mest interessante for oppdragsgjevarane, men godt førebudde bokbad og andre samtalar.

Stadig vekst i medlemstal og omsetning dei siste åra, har funne stad utan at administrasjonen har fått tilført nye årsverk. Kombinert med at vi ikkje kan søke Kulturrådet om støtte til prosjekta våre, fører dette til at vi dessverre har færre ressursar til eigenproduserte arrangement som Forfattarsleppet, Bokdager på Sørlandet og Nord-Nordsk bokdag – festivalar som er kjenneteikna av breidde og kvalitet.