Aktuelt

Filmpris til Dag Johan Haugerud

Fortellingar begynner helst frå andre fortellingar. Slik unngår ein å finne opp hjulet på nytt, gjenta klisjear. 16 levende klisjéer var namnet på kortfilmdebuten som vann…

Fortellingar begynner helst frå andre fortellingar. Slik unngår ein å finne opp hjulet på nytt, gjenta klisjear. 16 levende klisjéer var namnet på kortfilmdebuten som vann Cinematekets "Uofisielle Super 8 – festival" i 1997. Bak filmen var dåverande bibliotekarstudenten Dag Johan Haugerud. Året etter debuterte han som romanforfattar på Tiden Forlag med Noe med natur. Debutfilmen Som du ser meg skal ha tre historier som filmskaparen finn måtar å fortelje samstundes. Filmens kvalitet heng, i følgje kritikarlaget, i hop med de ørsmå nyansene, med potensialet som ligger i et øyeblikks nøling, i det subtile tonefallet, i det uforvarende og det som bare tilsynelatende er uforvarende.

I grunngjevinga blir filmen skildra som ein tragikomedie om å snakke seg inn i konflikter, ikke ut av dem, om å tråkke på hverandres følelser i aller beste mening.  

Og mannen bak, forfattar og filmskapar Haugerud, fekk i dag prisen i handa frå statssekretær Mina Gerhardsen.