Aktuelt

Endre Ruset har skrive eit nytt dikt

– Hei Endre, får vi dikt frå deg i dag?   – Ja! Telefonen var berre avslått, og så leikte eg bort tida mi med…

Endre Ruset (i midta) på Nidgaardsbreen i lag med Cornelius Jakhelln (t.h) og Øystein Vidnes (t.v) © Mette Karlsvik

– Hei Endre, får vi dikt frå deg i dag?  

– Ja! Telefonen var berre avslått, og så leikte eg bort tida mi med barna til Kjersti. 

Og så spelte han over eit dikt, Endre Ruset (f. 1981) – lyrikkens Ole Gunnar Solskjær: Han visste i ung alder kva han ønskte å bli proff på, og vart det. Han er lojal og patriotisk – men også open, og med eit fotballhjarte som bankar for Molde Fotballklubb – og – utan at det eine utelukkar det andre – Kristiansund og fotballen og kulturlivet som der utspeler seg. 

Det første først: Endre Ruset er son av lyrikar, prosaist, og omsynsperson Arne Ruset. Endre er son av ein lege og ein sjukepleiar, er bror av ein labrador retriever som dersverre er avliden no, og som var så blank i den svarte pelsen at han nesten såg det sjølv. På tross av at han ikkje såg. Elvis holdt neppe tritt med "bror sin", då Endre var ein idrettsmann som ung, og på rake vegen ned i idrettsfella då han såg poesien, og byrja å bruke den. Berre nitten år gamal gav han ut Ribbeinas Vingespenn, eit kultverk av ei debutbok, og den einaste boka på fleire år. Ruset har jobba både på voluntær og profesjonell basis for Bjørnsonfestivalen i Molde. Eitt av merkeåra kan ha vore 2005, då han engasjerte den då ukjende jodlaren Bjørn Tomren som husmusikar. Bransjefolk frå heile landet fekk auga opp for Tomren, som ei stund vart eit fast innslag på litteraturarrangementer rundt om i landet. Sia då har musikkarrieren tatt av. Og at dette kanskje kan sporast attende til Ruset, er talande for moldeguten: Han har eit blikk og eit øyre for poesien i kunsten og i kvardagen, og er ikkje redd for å framheve det og dei han liker. Slikt fekk han drive med i 50% stilling for Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, der han tok over som kunstnarisk rådgjevar etter Stig Sæterbakken. 

Sia dette og innimellom har Ruset kryssa Noreg på tvers og på langs, på ski i år, til fots for nokre år sia, og i kajakk frå Molde til Hammerfest for eit par år sia. Då han i fjor kryssa Jostedalsbreen i tau med forfattarkollegaer, var det likevel med stort tålemot for farta, den sakte, for utfordringane – som det ikkje var mange av. Men han hadde vel sitt å tenkje på: Ruset fekk draumeoppdraget frå Cappelen Damm. I deira serie av minibiografiar om kjende personar, ønskte dei ei bok om Ole Gunnar Solskjær – frå Rusets penn. 

Ein siste nemning av inngangsmetaforen, før Rusets allierte, Poesipolitiet, Dei er begge både utøvararar av kvar sine kunstar – og slike som legg til rette for at andre får spele. For begge er dei spelande menneske. Ruset er så god i scrabble at vanlege reglar ikkje strekk til. Eit scrabbleslag med Ruset har helst eit smalt tema. Kva tema som helst. Rusets kunnskapar blir blanda med vinnarinstinkt, og skapar ein sprøjeleik-partnar å døy for. Få Ruset på laget, og sjølv Dag Solstad og Helene Uris quiz-lag er utrygge.