Aktuelt

Bli med til House of Foundation

Medisin i mørke tider Moss, oktober 2012: Sol, skyer, sol. Skinnande brustein i Møllebyen. Gule, oransje, raude lauv. Raudkinna folk utanfor eit eit raudmålt murhus….

logo-audiatur

Medisin i mørke tider

Moss, oktober 2012: Sol, skyer, sol. Skinnande brustein i Møllebyen. Gule, oransje, raude lauv. Raudkinna folk utanfor eit eit raudmålt murhus. Merker meg ikkje korleis fasaden på dette huset ser ut, eigentleg. Mange har allereie eit bilde av House// of// Foundation. Bildet er ei stilisert teikning frå nettstaden til HOF. Det finnst også eit verbalt bilde, ei bilde av kva stemning som finnst i huset. Stemninga er formidla av forfattarkollegaer som har vitja HOF. Møllerbyen Litteraturfestival skal vere særleg god å komme til; gode kunstnariske program; skriving og produksjon av bøker, endåtil, og god kost og losji, champagne til frukost;

bilda tar kulda vekk frå gata. Folk har varme i andleta. Dei står utanfor og røyker. Døra står opa. Derfrå kjem varme. Og musikk. Og lukta av lun eplekake med krem. 

House// of// Foundation er bokhandel, galleri, kafé, litteraturhus, ein slags utvida installasjon, eller performance i butikkform. Her har netthandelen Audiatur sin fysiske utsalssted, og store deler av lageret sitt. Martin M. Sørhaug driv HOF i lag med sambuaren sin. HOF har eit styre, som består av Jonny Halberg, Mari Kolsrud Hustoft, Pål Dixon Sandberg, Espen Settli, 

Ann Kristin Aas og Sørhaug sjølv. I ein prat med Sørhaug kjem det fram at bokhyllene i butikken på mange måtar reflekterar hans liv som litterat: Kva bøker ein finn i hyllene her har litt med hans smak å gjere, noko med tilfeldigheiter å gjere, og ein del å gjere med dei festivalane og bokarrangementa som har vore på huset. Sia starten i 2009, har det vore festivalar kalla Møllebyen – og segment av Audiatur Poesifestival. Det har vore einskilde litteraturarrangement, og kunstopningar der litteratur og opplesning har vore ein del av det heile. 

Sørhaug har bakgrunn frå Nordisk ved NTNU i Trondheim, og budde og jobba lenge i Oslo før han flytta til Moss. No går kvardagen til å ta i mot bestillingar på bøker, sende ut bøker, og meir konkret litteraturrelatert verksemd. Prosjektet og huset fekk i 2011 Erling Stenersens legat. I grunngjevinga frå komiteen står det mellom anna «House of Foundation er et vitalt og nyskapende tilskudd til kunstbyen Moss [og er] sammen med Punkt Ø og Momentum, med på å videreføre Moss’ sterke posisjon som kunstby.»

Det er ei utstilling av visuell kunst her i oktober. Opninga viser mellom anna "Over & under", ei utstilling av skulpturkart og brosje – manetar. Putte Helene Dahls kart og manetar fascinerar nokre born som går tett inn på dei, dyttar i manetane som heng i rommet. Og dette interaktive, grensa mellom rommet og kunsten, det er òg å finne i boksamlingane. "Ordapotek" er eit døme. "Apotek" begynte som ei heimeutstilling hos forfattaren av verket, danske Morten Søndergaard. Det er fysiske objekt i form av medisinskåp, – øskjer og pillebrett. Og alt er det dikt. HOF har omsett Ordapotek til norsk, og fått det bygd inn i butikken som ein permanent utstilling. Ho står rett bak ein kamin. Det er fyr på peisen. Det er varmt og lunt på HOF. Fysisk, i form av romtemperatur, isolasjon i form av tette bokhyller, og djupe, mjuke sofaer. Men også i form av noko av den beste litteraturen; backlists og omsetjingar av smale smale titlar. HOF er medisin denne oktoberdagen. 

Skrivestue i bokhandelen. For den som blir inspirert.