Aktuelt

Bill. merk: Vunnet søker Vinner

Løysinga på gåta er Torgeir Rebolledo Pedersen, som vart lodda ut på julemarknaden til DnF i fjor. Vinnaren fekk lyrikkformidling ved Pedersen – tilsvarande Norsk…

tove_torgeir

Løysinga på gåta er Torgeir Rebolledo Pedersen, som vart lodda ut på julemarknaden til DnF i fjor. Vinnaren fekk lyrikkformidling ved Pedersen – tilsvarande Norsk Forfattersentrums sats for "opplesing og anna". Med eit lite gledesrop oppdaga forfattar Tove Nilsen at ho hadde vunne. Venner og kollegaer som dei er, var vel dette eit lykketreff for alle partar. Eller kva, Torgeir Rebolledo Pedersen?

– Jau, eit lykketreff, sjølv om vi jo hadde truffe kvarandre før, og er gode venner. Men det har ikkje vore noko realisering av loddutbyttet enno. Kanskje fordi det har vore uklart om kven som skulle ta kontakt med kven om saka; den som blei lodda ut, eller ho med vinnarloddet?

– Kva seier han som vart lodda ut?

– Den utlodda har no, etter denne påminninga, bestemt seg for å ta kontakt. Meir enn gjerne! Så no skal eg be Tove velje seg ein dag i sommar, og be naboar og venner – som vil høyre meg. Ikkje først og framst ein forfattarar, då det kan bli dobbeltkommunikasjon – eller ingen kommunikasjon, smiler Pedersen, før han skriv ein e-post til Nilsen, og i emnefeltet: "VUNNET SØKER VINNER".  

Anerkjent og godt kjent som Pedersen er, tar vi høyde for at alle svarte rett. Finn premien din her. Og sjølvsagt er det Tove Nilsen at Pedersen vil høyre frå, med eit dikt, til neste sundag. Høyrer vi ikkje frå deg i god tid før fristen, Nilsen, kjem e-postar, med emne "Nettredaksjon søkjer diktar".