Aktuelt

Arbeidsopphald ved Leveld Kunstnartun i 2021

Leveld Kunstnartun, ein kunstnarresidens i Ål i Hallingdal, lyser no ut gratis arbeidsopphold for 2021. Her får du bustad og atelier, kort veg ut i…

leveld_kunstnartun
Leveld Kunstnartun, ein kunstnarresidens i Ål i Hallingdal, lyser no ut gratis arbeidsopphold for 2021. Her får du bustad og atelier, kort veg ut i naturen, og ro og god plass til å arbeide.
Tilbudet er tiltenkt profesjonelt utdanna kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, dansarar, dramatikarar, skodespelarar, kulturarbeidarar og liknande. Eit vilkår er medlemskap i ei fagorganisasjon, høgare kunstfagleg utdanning eller tilsvarande fagleg dokumentasjon. Oppholdsperioden er normalt ein måned, men både kortare og lengre opphold kan avtalast.
Det er eit vilkår at kunstnarane under oppholdet formidlar noko om prosjekta sine eller relaterte emne lokalt, enten på Kunstnartunet eller ein annan stad i Hallingdal, etter avtale.
For å søke eller meir informasjon, sjå kunstnartun.no/apply 
Søknadsfrist: 1. april 2020.