Aktuelt

Alle mulege

Lyrikaren og skrivekunstlæraren Rimbereide tenner lys for oss denne andre sundagen i advent. Han gjer det med eit utdrag frå den første diktboka hans. Poetisk stedskunst, skriv Rimbereids forlag…

rimbereid_bergen

Lyrikaren og skrivekunstlæraren Rimbereide tenner lys for oss denne andre sundagen i advent. Han gjer det med eit utdrag frå den første diktboka hans. Poetisk stedskunst, skriv Rimbereids forlag Gyldendal om diktdebuten, og meiner at diktaren gjer det lokale globalt, og han einar personlege og det universelle. Dei seier at Rimbereid fornyar tradisjonen. Ein seier at Rimbereid må ein høyre lese. Ein skal oppleve Rimbereid, seier folk. Heldige er dei som får det. Men Rimbreid er ein av lyrikarane som er på boksidene. På boka sin side, kan ein seie. Han snakkeskriv, skrivsnakke. Seiespråket hans blir kalt nyskapande. Polaris korrigert er den vitskapsleikande tittelen på ei samling frå 2004 – der han brukar dette grepet. Herbarium er den neste diktboka, og blir den som sett grepet fast, på retteleg. For denne boka fekk Rimbereid Brageprisen. Rimbereid var nominert for Nordisk Råds Litteraturpris for den boka også, og igjen i fjor for sisteboka Jimmen. Viss Rimbereid hadde fått prisen for den boka, ville det vere første gongen han gjekk til ein norsk lyrikar. Han er ein som lagar sin eigen tone.