Aktuelt

926,1 millionar kroner til kulturformål frå speleoverskotet

– Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål, er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Den kulturelle skulesekken får 310 000 000 kr. og Bibliotektiltak 49 700 000.

– Vi vil ha eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Barn og ungdom som spelar i korps, syng i kor, spelar i band eller spelar teater er blant dei som nyt godt av desse tilskota. Vi styrker no Den kulturelle skulesekken, dei når alle barn og unge og er det største tiltaket i tildelinga, seier Trettebergstuen.

Overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespillova.

Fordelinga av spelemidlar til kulturformål (beløp i kroner):

Tiltak – kulturformål – fordeling 2022:

Den kulturelle skulesekken 310 000 000

Bibliotektiltak 49 700 000

Gåveforsterkingsordninga 70 000 000

Frifond 190 000 000

Regionale kulturbygg 56 250 000

Kulturrom 46 050 000

Instrumentfondet 30 000 000

Museumstiltak 25 750 000

Amatørteatertiltak 23 000 000

Nasjonale musikkorganisasjonar 21 930 000

Arkivtiltak 12 300 000

Aktivitetsmidlar for kor 12 100 000

Ungdom og Fritid – aktivitet for ungdom 11 000 000

Scenekunsttiltak 10 000 000

Studieforbud 9 380 000

Folkeakademienes Landsforbund 8 925 000

Frivillighetens år 2022 6 000 000

Krafttak for sang 5 610 000

Skeivt kulturår 2022 5 000 000

Historiske spel 4 100 000

Ordningar for kordirigenter 3 250 000

Norske kirkeakademier 2 190 000

Midlar til fordeling seinare i 2022 13 543 000

Totalt 926 078 000