Aktuelt

125 år med DnF

Det var skrål og slagsmål på forfattarmøta i gamle dagar, skriv Edvard Hoem i spalta «Beint Fram» i Klassekampen. Han skriv om sitt første årsmøte…

Faksimile frå VG

Det var skrål og slagsmål på forfattarmøta i gamle dagar, skriv Edvard Hoem i spalta «Beint Fram» i Klassekampen. Han skriv om sitt første årsmøte i 1971, då Salen i restaurant Grotten kokte av aggresjon. Hånlatter og skjellsord møtte Kjell Askildsen då han bad om ordet til dagsorden. Elegantieren André Bjerke brølte: «Hvis Daaag Solstaaaad vil tømme sine dobøtter, så må han gjerne det, men ikke i Den norrrske Forfatterrrforening!» 

Ja, slik skildrar Hoem årsmøte og debattar i ettertid. Men korleis skreiv ein om det som skjedde − mens det skjedde? Og kva har skjedd gjennom dei 125 åra DnF har eksistert, sia 1893, då Knut Hamsun, Thomas Krag, Jonas Lie og sønene til Lie gjekk i lag til Grand hotell. Dei var i restauranten først. Men der kom dei snart i snakk om mulegheita for å stifte ei forfattarforeining. Dei var alle samde i at dette måtte dei gjere, og leigde seg eit privat rom på hotellet, rom 2014, der dei hadde eit formelt stiftingsmøte. Slike organisasjonar var i tida. Lærarlaget, LO og Håndtverkerlauget var allereie stifta, og dei var blant førebilda til DnF. Ein ville at DnF skulle vere noko mellom ei fagrørsle og eit slags laug, og ha styre − men også eit autonomt sakkyndig råd. Berre halvanna år seinare, i 1885, var den første normalkontrakten laga. 

Tilbake til … 1971: «Staten stel for million-beløp»

Forhandlinger nå – eller anmeldelse for lovbrudd. Dette er setninga som VG framheva etter DnF sitt medlemsmøte på Voksenåsen hausten 1971. Tysdagen etter møtet gjekk brev til Kirke – og Undervisningsdepartementet, med det VG kaller «et ultimatum». Dette stod på spel:

På den tida var fotokopiering og stensilerte tekstar en relativt ny teknikk. Ingen visste om teknologien kunne truge forfattarøkonomien. Men ein mistenkte det. Allereie då hadde DnF rekna seg fram til at forfattarane tapte millionar av kroner på at skulane kopierte frå bøkene deira – vederlagsfritt. Dette vart tema for medlemsmøtet 1971. VG skriv i si sak (sjå faksimile): 

Tirsdag utløper svarfristen i uravstemningen om de saker som styret i Den norske Forfatterforening sendte ut etter siste medlemsmøte på Voksenåsen. Det er flere saker som 340 organiserte forfattere skal ta stilling til. En av dem gjelder kravet om forhandlinger med staten om vederlag for bruken av forfattartekster i skoler og på universiteter. 

Kravet blei einstemmig vedteke av forfattarane som var på møtet. Camilla Carlson og Ebba Haslund fortel til VG at dei er «klar til kamp». 

Edvard Hoem fronta resolusjonen. Han seier i frå seg æra for at kopivederlaga blei til – mellom anna i Klassekampen, der han skriv om nettopp denne saka: Forfattarane gav sjølve eit enormt bidrag for at det nye og uferdige skulle koma fram. Men så engasjert som han uttalte seg i 1971, var det rart om Hoem ikkje hadde påverkningskraft: 

«Det blir stole meir av arbeidet til norske forfattarar enn nokon i dag kan ha oversikt over», seier ein ung Hoem, og uttalar seg rasande om stensilerte og fotokopierte tekster som blir brukt i skolar og på universitet kvar einaste dag, og kopieringsteknikken utviklar seg så raskt at det for kvar dag blir lettare å gjere bruk av utdrag frå bøker og samlingar. 

Dette intervjuet er ein del av eit større oppslag som VG då har om kopivederlaga til forfattarar. Eller meir presist; dei manglande vederlaga. Den rasande Hoem seier vidare: 

– Så lenge staten bruker våre tekstar i undervisninga utan å gi vederlag for det, er dette eit tjueri, og det er eit tjueri som har pågått så lenge stensilmaskina har eksistert. Saka burde, med andre ord, ha vore løyst for lenge sidan. 

– Men, seier Hoem, med mulegvis mildare stemme: 

– Teknikken skal vi ikkje protestere mot. Den er på vår side i arbeidet med å få litteraturen ut til folket. 

42 år etter møtet, våren 2013skreiv Hoem om Ebba Haslund. Også dette i spalta Beint fram i Klassekampen: Så vart Ebba Haslund formann. Vi radikale, som kalla oss Fagleg Forfattarfront, melde oss ut i protest. Året etter melde vi oss inn igjen.