Aktuelt

Tre kandidatar til Vesaasprisen

Prisen blei oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas med pengane han fekk etter å vere tildelt Nordisk Råds litteraturpris for romanen Isslottet. Tarjei Vesaas debutantpris…

ww

Prisen blei oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas med pengane han fekk etter å vere tildelt Nordisk Råds litteraturpris for romanen Isslottet. Tarjei Vesaas debutantpris skal gå til siste års beste skjønnlitterære debutant under 35 år. 

Prisvinnar blir offentleggjort 25. mars. Under følgjer grunngjeving for utvelging av kandidatane.

Jan Kristoffer Dale (f. 1984) debuterer med novellesamlinga Arbeidsnever (Kolon) som er seks jordnære innblikk i vanlege menneskes liv og arbeid. Dales prosa spør: Kva er eit vanleg liv? Kortid er vi trygge? Kva val skal vi ta, og må vi det? Alt spent opp på bogen mellom kjærleik og tryggheit, økonomiske bekymringar og utenforskap – der behovet for sjølvoppgjer gjer seg gjeldande på små, lokale flater og tankebanar. Novellene heng ikkje berre saman i miljø og språk, dei er heilstøpte, empatiske framvisningar av livet, kvardagane som ruslar forbi. På miljø- og dialektaksen Froland-Arendal, blir det plass for refleksjonar, sinne, bygdekunnskap, men aldri moralske oppgjer som tvingar fram store endringar. Her er kanskje frykt for at for store endringar skal inntreffa, eller forandringsønske, men det slåande med Dales noveller er at dei står i disiplinen kvardagsliv, arbeidsliv og ikkje held oppe alternativet i tide og utide, realistisk som det er.  

Frederik Svindland (f. 1985) debuterer med romanen Pelargonia (Cappelen Damm), eit sjeldant følsomt barne/ungdomsportrett der den kvardagslege optikken sildrar gjennom eit språkleg nærleik- og kjærleiksfilter som har slåande effekt på lesaren. Det er som om det fysiske ved det kjente og kjære huset, og ved familiens trygge potensial, varsamt er løfta ut i naturen der romanens karakterar og stemme står i direkte kontakt med dogget i graset, trekronene, plommene og ”en stor, klumpete sky (…) fortøyd til jorden med en usynlig trosse”. Ladinga i romanen er ikkje vendt mot det mellommenneskelege konfliktsstoffet. Teksten er heller ein hyllest til det å lytta og ei slags ansvarleggjering av stilla: ”Når man plutselig ikke har mer å si, hvor mye annet finnes det ikke å lytte til”. 

Sara Sølberg (f. 1983) debuterer med Seismiske smell (Forlaget Oktober) ein roman som utforskar overgangane mellom menneske og vitskapshistorie. Den personlege, menneskeerfarte historien er likestilt med naturhistorikk, geofysikk og biologiske fakta (særleg om havet, marine organismar, fiskar og kvalar), og leseopplevinga blir såleis befriande og lærerik. Ein ”kviler” i poetiserte fakta. Det er ein stille, krevande, performativ og vakker tekst Sølberg har skapt. Klimakrisa og enkeltindividedts sårbarheit, parallellitetane mellom menneske og natur, løper og graver gjennom romanen. Sølberg set namn på død og sakn og tar hav og bølger i bruk for å setta ord på den skjøre linja mellom det bestandige og det nedbrytbare.