Aktuelt

Kverv, skare og Lakselv

Erlend Skjetne (f. 1988) er frå Melhus i Sør-Trøndelag og bur no i Trondheim med sambuar og ei dotter på to år. Skjetne har ein…

Erlend Skjetne (c) Leikny Havik Skjærseth

Erlend Skjetne (f. 1988) er frå Melhus i Sør-Trøndelag og bur no i Trondheim med sambuar og ei dotter på to år. Skjetne har ein mastergrad i nordisk litteratur, og har dei fire siste åra arbeidd med norskopplæring for nye nordmenn. Han hadde gitt ut ein boksingel på Flamme forlag før han debuterte med diktboka Skare i fjor. Den er er sterkt inspirert av ei tid då han budde i Lakselv i Finnmark.

Men det å skrive er noko han har drive med lenge. 

– Eg har skrive dikt frå eg var veldig ung, begynner Skjetne: – Men i studietida byrja eg sende inn nokre av dei til diverse tidsskrift. Fleire kom på trykk, og det gav nok ei avgjerande tru på at eg kanskje kunne ha eit slags talent.

– Det er slett ikkje alle med talent som kjem heilt i hamn med bok. Kva ga deg ideen om at du skulle og kunne fullføre?

– Min fyrste roman, ein tragikomedie om ei gamal dame som blir slengt av vinden opp i eit verneverdig tre, skreiv eg då eg gjekk på ungdomsskulen. Så å fullføre er ikkje det store problemet, men å få noko utgjeve kan vere verre. Då Flamme forlag sa seg villige til å publisere boksingelen Kverv i 2018, og eg same år hadde eit bidrag på trykk i antologien Signaler, byrja det bli von.

– Den upubliserte tragikomiedien høyrest interessant ut. Kan du fortelje litt meir om den?

– Romanen heitte Skallebank. Plottet er som fylgjer: Ei tertefin byfrue på vitjing i ei svært fjern og gamaldags bygd, blir kasta av vinden opp i eit høgt tre. Ein skulle tru at det ville vere ei smal sak å hente ho ned, men treet har stått der sidan vikingtida, og har så stor lokalhistorisk tyding at det ikkje under nokre omstende må koma til skade. Dette er byrjinga på ein intens byråkratisk dragkamp der sterke motsetnadar kjem til overflata, og der både dynamitt og erotikk gjer seg gjeldande. Eigentleg ei ganske god historie, men eg må kanskje endre eit par ord før noko forlag vil publisere verket …

– Som du er inne på, så er det å bli anteke eit nålauge. Og samtidig blir det gitt ut – i forhold til folketalet – mange gode debutbøker i Noreg. No har ni gode lesarar funne ut at din bok var ein av dei fire beste debutane blant dei yngre forfattarane i 2019. Kva betyr det for deg? 

– Nominasjonen er ei stor ære og ein stor inspirasjon. Berre det at prisen ber namnet til Tarjei Vesaas, ein fantastisk forfattar som forresten var min avlidne fars favoritt, gjer meg litt høgtidsstemt. Eg er såpass halsstarrig at eg nok kjem til å skrive vidare same om éin eller tusen les skribleria mine, og eg arbeider kvar kveld med det eg vonar skal bli mi neste bok. Men å få eit prov på at det eg skriv kan opplevast som interessant av andre, er svært kjærkome.

– Nominasjonen har no vore offentleg eit lite døgn. Har du, så langt, fått inntrykk av at Vesaasprisen betyr noko i dag?

– Det er alltid fare for at debutantane forsvinn i mylderet av bøker frå etablerte namn. Prisen bidreg til merksemd kring den nye litteraturen, og dette lyftet kan nok mange ferske utgjevingar – mi eiga inkludert – ha veldig god bruk for. Slik sett er det ein viktig pris.

– Korleis endte du i Lakselv, og kva fann du der som fekk skrivinga i gang? 

– Det var sambuaren min som drog meg med til Lakselv. Ho fekk ein jobb der oppe, og eg hadde ikkje noko betre å gjera, så eg fylgde etter. Arbeidde litt ved den vidaregåande skulen på staden, men hausten 2015 var den såkalla flyktningkrisa på sitt mest hektiske, og eg vart kanalisert inn i arbeid med einslege mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan. Fann dette så gjevande at eg ville halde fram med liknande arbeid då eg kom attende til Trøndelag. Boka Skare er nok delvis skriven i lengsle attende til Finnmark. Eg fann det utruleg interessant å bu der.

– Skriv du på noko no? 

– For tida arbeider eg med eit manus som har arbeidstittel Kleda er gjennomvåte. Ein smakebit kan lesast i Signaler 2018. Det er eit nokså personleg prosaprosjekt, som handlar om ei svært spesiell familiehistorie. Vonar det kan bli bra til slutt.

Det var i 2019 relativt få poetidebutantar. Erlend Skjetne er den einaste som er nominert til Vesaasprisen i denne runden. Førre gongen nokon vann prisen med dikt var i 2011, då Lina Undrum Mariussen vann med Finne deg der inne og hente deg ut.