Aktuelt

Diktarbustad i Jakob Sande-tunet

Vi lyser no ut opphald for forfattarar i Jakob Sande sin barndomsheim i Fjaler, Sogn og Fjordane. Våningshuset i vakre Klokkargarden i Dale vart renovert…

jakob_sande

Vi lyser no ut opphald for forfattarar i Jakob Sande sin barndomsheim i Fjaler, Sogn og Fjordane.

Våningshuset i vakre Klokkargarden i Dale vart renovert som diktarbustad i 2017.

Du kan søkje om opphald på inntil 2 månader. Då får du disponere eiga stove og skriveplass, kjøken, bad og 2 soverom.

Du kan søkje som forfattar eller som ei mindre gruppe i samarbeid.

Du betalar ikkje leige, men vi ynskjer ein arbeidspresentasjon ved slutten av opphaldet.

Interessert?

Send oss ein søknad innan 1. juni til selskap@jakobsande.no

Sjå også facebook med foto Jakob Sande-tunet